Hopp til innhold

Betalte ein halv million på live-overførte overgrep

SØRE SUNNMØRE TINGRETT (NRK): Mannen i 70-åra brukte nesten ein halv million kroner på betaling for live-overførte overgrep mot filipinske småjenter.

Bilde politiet har beslaglagt i forbindelse med overgrapssak mot sunnmørsmann

Sunnmørsmannen vedgår at han fotograferte flittig undervegs medan overgrepa han hadde bestilt blei utført. Politiet har funne 36 000 bilde og filmar på datamaskinar og mobiltelefonar som dei har beslagslagt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Mannen vedgjekk i retten tysdag at han har brukt 489 000 kroner på å betale vaksne filipinarar for at han skulle få gjere live-overførte overgrep mot døtrene deira. Dette skal ha skjedd i ein periode på mellom eitt og to år. Sjølv sat han sat heime på Sunnmøre og instruerte mellommenn om kva dei skulle gjere, offera var små jenter på Filipinane.

– Eg kom inn i ei boble, og hadde ei veldig opprivande tid privat, sa mannen i 70-åra i retten.

129 tiltalepunkt mot 65 jenter

Denne veka møter sunnmørsmannen i retten, etter at politiet har tatt ut ein omfattande tiltale på 13 sider og 129 punkt. Mannen er skulda for å ha forgripe seg mot nesten 65 jenter, dei yngste berre babyar.

– Det kan tyde på at det er barn heilt ned i spedbarnsalderen, babyar, seier aktor Ingvild Thorn Nordheim.

Ingvild Thorn Nordheim

Aktor Ingvild Thorn Nordheim karakteriserer saka som svært grov. Det alvorlegaste tiltalepunktet har ei strafferamme på 21 års fengsel.

Foto: Remi Sagen / NRK

Saka skal vere ei av dei mest alvorlege i sitt slag og omfattar både bestilling av overgrep og omfattande fotografering av offera undervegs. Det mest alvorlege tiltalepunktet omfattar overgrep som er sidestilt med valdtekt, og har ei strafferamme på 21 års fengsel. Dette skal ha skjedd i juli 2013.

– Materialet er grovt, det er overgrep mot små barn der vi også ser ansiktet på ungane, seier Nordheim.

Politiet skal ha funne over 36 000 bilde og filmar på mannen si datamaskin, og viste fram deler av det grove materialet i retten tysdag.

Bilde politiet har beslaglagt i forbindelse med overgrepssak mot sunnmørsmann

Politiet meiner mannen har forgripe seg mot jenter heilt ned i spedbarnsalder.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Ville berre hjelpe

Mannen gjentok fleire gongar i si forklaring at han berre ønskte å hjelpe dei kvinnene som han kom i kontakt med på internett. Han skulda kvinnene for å vere svært aktive med å by fram døtrene sine, mot betaling på rundt 8,50 kroner i minuttet. Foreldra fortale at pengane skulle gå til mat og utdanning, forklarte mannen i retten.

Han forklart også at han blei riven med, og angrar i ettertid.

Axel Villard Lange

Axel Villard Lange er forsvarar for mannen i 70-åra.

Foto: Remi Sagen / NRK

Forsvarar Axel Villard Lange seier mannen vedgår berre deler av tiltalen, men at dette kan endre seg undervegs i rettsaka. Mannen nekta først på det meste av det han er skulda for, men endra standpunkt etterkvart og vedgjekk fleire av tiltalepunkta i løpet av dagen.

I Hordaland har ein mann i 40-åra i haust blitt tiltalt for overgrep mot 61 fillipinske barn, og aktor har lagt ned påstand om forvaring i 21 år.

Les også: