Hopp til innhold

Dømd til 12 1/2 års fengsel for direktesende overgrep mot 65 filippinske jenter

Ein sunnmørsmann er dømd til fengsel i 12 1/2 år for å ha bestilt direktesende overgrep mot 65 filippinske jenter. Dommen er ein av dei strengaste som er avsagt for nettovergrep nokon gong.

Søre Sunnmøre tingrett

Mannen i 70-åra må i fengsel i mange år, etter å ha forgripe seg på 65 filippinske jenter. Mannen stadfesta i retten sist veke at han har overført nesten ein halv million til mellommenn på Filipinane.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Søre Sunnmøre tingrett har nettopp avsagt den strengaste dommen nokon gong her i landet for nettovergrep mot utanlandske småjenter.

Aktor la ned påstand om 12 års fengsel, no har retten konkludert med 12 1/2 år.

Axel Villard Lange

Forsvarar Axel Villard Lange meiner dommen er svært streng, og vurderer no å anke.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eg meiner det er veldig, veldig strengt. Det er ei alvorleg sak, men eg noterer meg at dei har skjerpa straffa i forhold til aktor sin påstand, seier mannen sin forsvarar, Axel Villard Lange.

Han seier han førebels ikkje har fått diskutert ankespørsmålet med sin klient, men at det er svært aktuelt å be lagmannsretten om ei ny vurdering.

Skjerpar straffa i forhold til påstand

Retten meiner aktor ikkje har lagt stor nok vekt på borna sin til dels svært unge alder og har difor heva straffa med eit halvt år, til 12 1/2 år, i forhold til aktor sin påstand. Aktor, statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim seier det er vanskeleg å vite kva som er korrekt.

Ingvild Thorn Nordheim

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim la ned påstand om 12 års fengsel. Retten meiner ho ikkje har tatt nok omsyn til offera sin svært unge alder, og har skjerpa straffa.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er ei vanskeleg vurdering kor strengt ein skal dømme i forhold til omfang og dei fornærma sin alder, seier ho og legg til at ho førebels ikkje har lest dommen og sett dei vurderingane som er gjort.

– Oppretthalde kynisk sexindustri

Gjennom ein periode på mellom eitt og to år bestilte sunnmørsmannen i 70-åra overgrep mot 65 jenter, dei minste var berre babyar. Det alvorlegaste tiltalepunktet er eit overgrep som svarar til valdtekt. Det blei gjort mot ei jente på mellom 8 og 10 år og pågjekk i 14 minutt medan mannen sat heime på Sunnmøre og såg på.

Mannen er også dømd for overgrep mot ei tre år gamal jente, som varte i over 40 minutt.

I dommen heiter det at mannen «ved sine handlingar har vore med på å oppretthalde ein ekstremt brutal og kynisk sexindustri.»

Retten skriv også at ein meiner dei fornærma lever i ein nesten umenneskeleg situasjon, som tiltalte med sine handlingar har vore med på å oppretthalde.

– Ikkje bidratt til å oppklare saka

Mannen nekta først på dei alvorlegaste tiltalepunkta, då rettssaka mot han starta førre veke. Etter kvart la han alle kort på bordet, men han får berre ein liten strafferabatt for dette, på ti prosent. Retten konkluderer med at mannen ikkje har bidratt til å opplyse saka og at tilståinga som etter kvart kom, ikkje har noko å seie for dei 65 ukjende jentene. Han får likevel noko rabatt for at saka har tatt tid å oppklare, og for sin høge alder.

Hevda kvinnene var svært pågåande

Mannen i 70-åra forklarte i retten sist veke at overgrepa starta då han sjølv var i ein vanskeleg periode privat. Han oppsøkte utanlandske nettsider for vaksne, og kom etter kort tid i kontakt med kvinner som han seier var svært pågåande for å få han til å bestille overgrep mot døtrene deira. For dette betalte han ned i 8,50 i minuttet.

Solveig Otterlei Bunes og Ingvild Thorn Nordheim

Politiet la sist veke fram omfattande bevis for aktivitetane til sunnmørsmannen. Han nekta først på dei alvorlegaste tiltalepunkta, men enda med å vedgå alt han er skulda for.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Politiet blei tipsa om mannen via amerikanske FBI, og tok etter kvart ut ein omfattande tiltale på 13 sider og 129 punkt.

Brukte ein halv million på overgrep

I retten sist veke la politiet fram ein oversikt som viste at mannen brukte nesten ein halv million på å betale for overgrep mot småjenter, i ein tidsperiode på mellom eitt og to år. Mannen stadfesta at det stemte, og forklarte i retten at han ønskte å hjelpe kvinnene med pengar til mat og utdanning. Etter kvart blei han riven med, og sa i retten at han angra.

Les også:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL