Hopp til innhold

Sunnmørsmann skulda for å ha forgripe seg mot 65 asiatiske jenter

Ein sunnmørsmann i 70-åra er skulda for å ha bestilt overgrep mot 65 jenter ned i 3-4-årsalderen. Undervegs i overgrepa skal han ha fotografert flittig.

Søre sunnmøre tingrett

Sunnmørsmannen skal ha forgripe seg mot asiatiske jenter i ein periode på over eitt år. I januar kjem rettsaka opp i Søre Sunnmøre tingrett.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Ifølgje den omfattande tiltalen bestilte sunnmørsmannen overgrep i Asia, som han sjølv sat og såg på heime på Sunnmøre. Overgrepa skal ha skjedd over ein periode på over eitt år og mot småjenter heilt ned i 3-4-års-alderen.

– Det er ei alvorleg sak, det er ikkje tvil om, det er 21 års strafferamme, seier statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim.

Ingvild Thorn Nordheim

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim seier overgrepssaka mot sunnmørsmannen har 21 års strafferramme.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Politiet skal ha kome på sporet av mannen via amerikansk politi, som melde frå til Kripos, på bakgrunn av aktiviteten hans på internett.

Tiltalen blei først omtalt av Møre-Nytt.

Skal ha gitt konkrete instruksjonar

Sunnmørsmannen skal ha operert under fleire ulike kallenamn og chatta med mellommenn som skal ha sørga for at overgrepa blei gjort, filma og strøyma til datamaskinen hans. Ifølgje påtalemakta medverka han ved å betale, gje instruksjonar og uttrykke tilfredsheit når overgrep blei gjort. Det skal også ha blitt vist nærbilde av mange av ansikta til jentene, slik at dei kan kjennast igjen.

Forsvarar Axel Lange skriv i ei tekstmelding at mannen har vedgått dei faktiske forhold i politiavhøyr, og at saka er ei stor belastning også for den tiltalte.

Totalt er han tiltalt for 129 forhold, og mange av dei blir omtalt som særleg smertefulle eller krenkande.

I haust går føre seg ei liknande rettssak mot ein mann i 40-åra i Hordaland som er tiltalt for overgrep mot over 150 filippinske barn.

– Lav pris og liten risiko

Ifølgje Kripos skjer seksuelle overgrep på Internett langt oftare enn det som er kjent, og det blir truleg berre verre.

Axel Wilhelm Due

Kommunikasjonsrådgjevar Axel Wilhelm Due i Kripos seier at prisen for direktesende overgrep er så låg som ned i ti dollar.

Foto: KRIPOS

– Borna blir selde for så lave prisar at det ofte ikkje er nødvendig for overgriparane å laste ned materiale etterpå. Dermed er også risikoen for å bli tatt mindre, skriv kommunikasjonsrådgjevar Axel Wilhelm Due i Kripos, og viser til ein rapport frå Europol som viser at overgrepa kostar mellom 10 og 46 dollar.

Skal ha tatt bilde

Men nettopp bilda kan bli avgjerande i bevisa mot sunnmørsmannen, når han møter i retten rett over nyttår. Mannen i 70-åra er tiltalt for å ha tatt bilde undervegs i overgrepa og lagra dei. Berre frå eitt av overgrepa skal han ifølgje tiltalen ha tatt 209 skjermbilde. 1. februar 2016 fann politiet om lag 36 000 bilde og filmar som viste seksuelle overgrep mot barn.

Ifølgje politiet er det beslaglagt 330 dataeiningar, dvs. cd-plater, VHS-kassettar, pc-ar, harddiskar og minnepennar.

Riksadvokaten har tatt ut deler av tiltalen.