En kvinne i 30–40 åra blei tysdag overfallen og valdtatt på Søre Sunnmøre.
Seksjonsleiar ved etterforskningsavdelinga ved Ålesund politistasjon, Robert Hjelmeseth, seier saka er alvorleg.
– Ei slik hending er ei alvorleg forbryting. Vi er tidleg i etterforskinga og har gjennomført taktisk etterforsking, politiavhøyr, rundspørjing og kriminaltekniske undersøkingar.
Det står att framleis ein god del etterforsking og politiet vil ikkje sei meir no i frykt for at det skal skade den vidare etterforskinga.
Dei tre mennene som alle kjem frå Aust-Europa blei fredag framstilt for varetektsfengsling i fire veker, med brev- og besøkforbod i to veker.