Hopp til innhold

Over tre fjell i Romsdal

Denne helga har toppturentusiastar frå heile landet samla i Romsdal for å delta på den spektakulære konkurransen Romsdal Rando.

Ola Hovdenakk

Ola Hovdenak i Romsdal Randoneeklubb arrangerer Romsdal Rando.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Konkurransen passar både for trente mosjonistar og toppturentusiastar.

Om lag 70 påmelde deltek på dagens konkurranse, men på grunn av utfordrande vêrforhold har starten blitt utsett.

– Mosjonistane startar klokka 11.00 og så startar konkurransedelen klokka 12.00, seier Ola Hovdenak i Romsdal Randoneeklubb. Det er dei som arrangerer Romsdal Rando.

Denne saka blir oppdatert utover dagen.

Komprimert løype

Arrangørane har også sett seg nøydd til å komprimere løypa på grunn av vêret.

Romsdal Rando

Her gjer deltakarane seg klar for å delta på konkurransen Romsdal Rando.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– Det er krevjande forhold høgt til fjells og vi har difor korta ned løypa no, seier Hovdenak.

Han trur likevel at det blir ein flott tur for alle deltakarane og påpeikar at turen er trygg.

– Vi har gått gjennom halve løypa i dagtidleg og det ser bra ut. Det er nordvestlege byer, men mellom byene så er det kjempefint og 10–15 centimeter nysnø, seier han.

Løypa blir no over 1400 høgdemeter i staden for 2500, og det skjer også ei endring i løypa.

– Vi startar med å gå oppover mot Galtåtind, og vil snu ved 820 meter over havet. Så Går vi nesten til topps (Skarven 896 moh.) før vi avsluttar med Steinberget, seier Hovdenak.

Her kan du sjå videoen frå fjorårets konkurranse: