Hopp til innhold

Skund deg ut på ski - snart kjem mildveret

Snøfallet dei siste dagane har fått store og små til å finne fram skiutstyr og kjelkar. Men gleda blir kortvarig – over helga blir det plussgrader over store delar av fylket.

Snø på Romsdalsmuseet

Vakkert vintervêr på Romsdalsmuseet i Molde fredag kveld.

Foto: Agnar Harnes

Statsmeteorolog Haldis Berge

Haldis Berge er statsmeteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet.

Foto: Marit Hommedal

Snøen har lagt som eit kvitt teppe over hus, markar og vegar dei siste dagane. I løyper og akebakkar har folk boltra seg i puddersnø, i kuldegradar og vindstille. Og du har framleis sjansen, seier statsmeteorolog Haldis Berge.

– Ja, folk har sjansen til å oppleve vintervêret både laurdag og søndag, seier Berge.

Det vil seie at snøen blir verande litt til. Søndag blir det enda til litt meir.

– Laurdag blir det opphaldsvêr, men utpå dagen søndag kjem det meir snø over det meste av fylket. Den kjem først på Sunnmøre, men så vil nok heil fylket merke snøfallet, seier meteorologen.

Søndag er det venta bris av skiftande retning og altså enkelte snøbyer frå ettermiddagen. Opp til 5–10 centimeter kan det bli på det meste, trur Berge.

– Når det er bygevêr er det alltid litt usikkert kor mykje som kjem, men det blir nok så pass på dei stadene som får mest. Og så skal det jo halde seg kaldt også utover søndagen.

Måndag kjem mildvêret

For så snur det. Natt til måndag blir det sørvestleg liten kuling på kysten. Og med vinden kjem regnet.

– Måndag morgon blir det vestleg vind og då blir det også meir samanhengande nedbør, seier Berge.

Nedbøren kjem først som snø dei fleste stader, men seinare kjem den som regn.

– De vil merke det først på kysten, men utover dagen blir det nok regn også elles i låglandet.

Og medan det har vore kuldegrader både laurdag og søndag, vil også det snu.

– Temperaturane kjem til å stige frå søndag kveld eller natt til måndag. Måndag kveld kan det bli så mykje som 6 eller 7 grader på kysten, seier Berge.

Nyttårsveret

Mildvêret held nok fram dei neste dagane. Det er difor liten grunn til å vente gnistrande vintervêr som kulissar for rakettane når inngangen til det nye året skal markerast – med mindre du held deg i fjellet.

– Det er litt tidleg å seie nøyaktig korleis vêret blir nyttårsaftan, og eg tør nok ikkje love opphaldsvêr, seier Berge.

Onsdag er det venta vind frå søraust. Og det kan slå begge vegar med tanke på nedbør.

Ein kan vere heldig å få opphaldsvêr. Det blir periodar med regn, men med den sørvestlege vinden er det vanskeleg å seie om regnet held seg utanfor kysten eller om det kjem inn over land. Det står att å sjå, seier Berge.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL