Hopp til innhold

Blir truleg med for å finansiere overgrepsmottak

Til no har Ørsta vore den einaste sunnmørskommunen som har stått utanfor ordninga om eit felles overgrepsmottak i Ålesund.

Ålesund sjukehus

Kommunane på Sunnmøre samarbeider om eit felles overgrepsmottak på sjukehuset i Ålesund.

Foto: NRK

– Det er sjølvsagt viktig. Det er viktig for den enkelte og for førebygging, på den måten at ein veit at vårt samfunn vil ikkje godta slike overgrep, seier Knut Åmås som er seksjonsleiar for helse og velferd i Ørsta.

Samarbeider med politiet

– Då må det følgjast opp, slik at overgriparar risikerer å bli straffa, legg Åmås til.

Frå neste år blir truleg også Ørsta med på det interkommunale overgrepsmottaket som er lagt til legevakta i Ålesund. Spesialtrente sjukepleiarar tek imot pasientane og sørger for profesjonell oppfølging. Avdelinga, som er finansiert av sunnmørskommunene har eit nært samarbeid med politiet. Prøvene blir oppbevart over lang tid, sjølv om ofra ikkje ønskjer å melde saka der og då.

Ikkje lovpålagt teneste

Valdsoffer frå Ørsta har ikkje fått dette tilbodet fordi kommunen ikkje har betalt for tenesta. Grunnen har vore at kommunen er på Robek-lista og har difor hatt problem med å finansiere ordningar som ikkje er lovpålagde. Det vil dei no endre på, seier Åmås.

– Vi har gjerne ville vore med lenge. Vi har ein konkret plan for å få dette med i budsjettet for det komande året. Vi fekk til ein avtale i år der vi betalar for enkeltsaker slik at vi har tilgang til overgrepsmottaket, seier seksjonsleiaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL