Hopp til innhold

Samarbeider om forsterka legevakt

Ålesund kan få ny forsterka legevaktordning med 13 sengeplassar og akutt-tilbod frå 2017.

Sjukeseng

Ålesund kommune kan åleine få seks sengeplassar i ei ny legevaktordning. Blir andre kommunar med, kan talet bli høgare. (Illustrasjonsfoto).

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Kommunane på Nordre Sunnmøre samarbeider om ei ny forsterka legevakt i Ålesund.

Legevakta er planlagt flytta frå Ålesund sjukehus til lokala ved gamle Åse sjukeheim om lag 500 meter frå sjukehuset.

– På Åse sjukeheim så vert det ny akuttavdeling som heiter Kommunale akuttplassar, fortel teamleiar Håvard Overaa som har ansvaret for etablering av ny legevakt.

Alle forutan Sykkylven

Prosjektet er stort og ambisiøst. Alle kommunar på Nordre Sunnmøre pluss Vestnes er inviterte til å samarbeide om legevakt på kveld, natt og helg. Berre Sykkylven har førebels reservert seg frå å vere med.

– Departementet har gjort ei gjennomgang av kor mange døgnplassar ein trur kommunen treng. Då er vi avhengige av å vite kor mange som vil vere med på dette saman med Ålesund kommune, seier Overaa.

Inntil 72 timar

Pasientar kan leggast inn på legevakta inntil 72 timer. Planane er at kronisk sjuke og tilstandar som ikkje treng kirurgiske inngrep skal behandlast på legevakta. Resten skal til akuttmottaket ved Ålesund sjukehus.

–Kan de garantere at ein akuttfunksjon på ei kommunal legevakt vil gje eit like godt tilbod som akutthjelp på eit sjukehus?

– Ja, det er målet at vi skal vere like gode for dei som vi skal ta oss av. Det vil bli eit skilje på kva for pasientar som skal til sjukehus og kven som kjem til det kommunale tilbodet. Det er legane som bestemmer kven som skal til kva for avdeling, seier Overaa.