Hopp til innhold

Ordførarar frir til Nesset

Det er eit ope spørsmål om Nesset vender seg til Sunndal eller Molde når kommunereformen kjem. Derfor er det viktig med eit godt innsal.

Ståle Refstie (Ap) Lars Olav Hustad (H) og Torgeir Dahl (H)

BYDDE SEG FRAM FOR NESSET: Ordførarane Ståle Refstie (Ap) frå Sunndal, Lars Olav Hustad (H) frå Rauma og Torgeir Dahl (H) frå Molde.

Foto: Trond Vestre / NRK

Folkemøte i Nesset

Spørsmålet om kommunesamanslåing skapar engasjement blant innbyggjarane i Nesset. Men dei har svært ulike oppfatningar om kven dei burde slå seg saman med.

Foto: Trond Vestre / NRK

Vil Nesset vil gå innover til Sunndal eller utover Molde eller kanskje Rauma er det som byr seg fram?

Måndag kveld var dei tre nabokommunane på besøk for å snakke med brura under eit folkemøte i Eidsvåg. Ei slik friarferd kan få betyding, for innbyggjarane er langt frå samstemte om kven dei skal slå seg saman med.

– Eg synest vi skal søkje samarbeid mot Sunndal og Rauma. Då er vi tre kraftkommunar som er like arealmessig, seier ei dame til NRK.

– Eg ser helst at vi har det som no, for vi har det så bra. Men skal vi først slå oss saman med nokon, så vil eg til ytre strøk – altså Molde, seier ei anna.

– Naturleg å ha med Nesset

Gunnar Øveraas og Hogne Frydenlund

Innbyggjarane Gunnar Øveraas og Hogne Frydenlund er opptekne av gode pendlarmoglegheiter.

Foto: Trond Vestre / NRK

Både Molde-ordførar Torgeir Dahl og Sunndalsordfører Ståle Refstie ønsker å ha med seg Nesset.

– I ein konstellasjon med Sunndal så meiner eg det er naturleg å ha med Nesset, om Nesset vil, seier Ståle Refstie.

– Når vi ser på arbeidsplassdekninga i Nesset, så kjem 40 prosent av arbeidsplassane frå ei anna kommune. Svært mange av desse kjem frå Molde. Då ser eg det for meg som heilt naturleg at Nesset trekkjer til Molde, argumenterer Torgeir Dahl.

Tenkjer på komande generasjonar

I salen på folkemøtet måndag sat Nesset-innbyggjaren Gunnar Øveraas og følgde nøye med på kva dei ulike kommunane hadde å tilby. Han trekkjer gode pendlarmoglegheiter som eit viktig argument.

– Om vi skal behalde Nesset som ei attraktiv kommune å bu i, så må vi betre kommunikasjonen mellom kommunane, slik at det vert lettare å pendle – spesielt mot Sunndal og Molde, seier Gunnar Øveraas til NRK.

Sidemann Hogne Frydenlund ser helst at kommunen trekkjer mot Sunndal.

– Om det held med 10 000 innbyggjarar i dei nye storkommunane, så ser eg det som naturleg at Sunndal og Nesset slår seg i hop, seier han.

Sjølv om han per i dag er fornøgd med det tilbodet som Nesset har i dag, er Frydenlund meir uroa for komande generasjonar.

Rolf Jonas Hurlen

Nesset-ordførar Rolf Jonas Hurlen (H) vil ha folkeavstemming om kommunesamanslåing.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg tenkjer på dei som er i etableringsfasen i dag. Dei spør seg sjølv kva som er fordelen med å slå seg ned i Nesset. Då håper eg at dei vil finne gode argument. Det er slikt eg tenkjer på i spørsmålet om kommunesamanslåing, kommenterer han.

Vil ha folkeavstemming

Nesset-ordføraren Rolf Jonas Hurlen meiner Nesset ikkje får noko val, men må finne seg ein eller fleire partnarar. Kven vil han ikkje seie noko om no. Hurlen vil at folk skal få avgjere dette gjennom folkeavstemming.

– Dette er ei stor og viktig sak for oss. Det handlar om å få fram nok kunnskap og fakta. Når vi har fått det, meiner eg det er høveleg med ei folkeavstemming slik at innbyggjarane kan bestemme kva for retning vi skal gå i, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL