Hopp til innhold

Ferjeopprøret: – Båtrutene er vår E6

Auka billettprisar på ferjer har ført til opprør i alle dei store ferjefylka. I dag bad dei staten om meir pengar i ei høyring på Stortinget.

Bilferga Giskøy på veg frå Hareid til Sulesund.

FERJEOPPRØR: Mange lokalsamfunn er avhengige av ferjer, og prisauken har ført til opprør.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Grunnen til opprøret er at prisane har auka med nærare 40 prosent over heile landet. Fleire har også sagt at dei vurderer å flytte, fordi ferjekostnadene no blir for store.

Representantar frå Vestland, Nordland og Møre og Romsdal fekk seie sitt til kommunalkomiteen i dag – og hovudkravet deira er meir pengar frå staten til ferje.

Fergematros Kaia Vattøy.

Matros Kaia Vattøy på ferja mellom Hareid og Sulesund på Sunnmøre.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ein gedigen kostnadsskvis

Bent Joacim Bentzen (Sp) fylkesråd for samferdsel i Nordland, meiner det er alvorleg at både næringsliv og pendlarar i fylket har fått eit dårlegare og dyrare tilbod siste åra.

Han poengterer i høyringa at ein stor del av landets oppdrettsnæring og lakseslakteri er avhengige av dette tilbodet.

– Vi er i ein gedigen kostnadsskvis. Båtrutene er vår E6 og vårt kollektivtilbod. Finansieringa av ferjene grip djupt inn i Noregs nærings- og distriktspolitikk, seier han.

Samferdselssjef i Nordland Odd Steinar Åfar Viseth (til venstre) og Bent Joacim Bentzen (Sp) fylkesråd for samferdsel i Nordland.

Samferdselssjef i Nordland Odd Steinar Åfar Viseth (til venstre) og Bent Joacim Bentzen (Sp) fylkesråd for samferdsel i Nordland.

– Treng betre finansiering

Møre og Romsdal fylke hadde eit overskot på 313 millionar kroner i fjor. Saksordføraren i kommunalkomiteen, Helge Andre Nåstad (Frp), er kritisk til at fylkeskommunen går med overskot samtidig som det er eit ferjeopprør langs kysten.

– Eg synest det er heilt utruleg at ein kan ha fakkeltog og protestar mot tenestetilbodet samtidig som ein legg over 300 millionar på bok. Det harmonerer ikkje med at fylkeskommunen kallar dette svelteforing, seier han.

Trine Kvamme Rusten og dottera.

Trine Kvamme Rusten bak rattet på ferga mellom Hareid og Sulesund. Ein tur til Ålesund kostar 4-500 kroner.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Men fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap) i Møre og Romsdal seier dette handlar om forskjellige ting.

– Overskotet for 2019 handlar blant anna om overføring av tunnelsikringsmidlar og ekstra skatteinntekter. Dette overskotet skal vi disponere. Vi har meir enn nok oppgåver å bruke pengar på, seier ho.

Ho poengterer at ferjedrifta kostar dei nær 200 millionar meir i 2020 enn det dei får frå staten.

– Hovudbodskapen er at vi som landets største ferjefylke treng mykje betre finansiering av ferjene. Det er stor næringstrafikk, mange pendlarar og mange reisande som ikkje har andre alternativ enn ferje, seier ho.

Jon Askeland (Sp) fylkesordførar i Vestland fylkeskommune seier dei manglar 380 millionar kroner for å finansiere ferjedrifta.

– Dersom vi ikkje får kompensert det, må vi legge på ferjebillettane neste år, eller redusere tenestetilbodet, seier han.

Les også: Sju spørsmål og svar om ferjeopprøret

Høyring på Stortinget om ferjepris.

Høyring på Stortinget om ferjeprisar.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Set pris på taletid

Facebookgruppa som kjempar mot auka ferjetakstar har på kort tid fått meir enn 25 000 medlemmer. Dei fekk også taletid i dag.

Arnt Sommerlund er medlem i arbeidsgruppa, og han set pris på at aksjonen blir tatt på alvor.

Varaordfører i Molde, Odd Helge Gangstad (Sp), representerer Nettverk for fjord- og kystkommuner. Arnt Sommerlund representerer aksjonen Protest mot økte ferjetakster

Varaordførar i Molde, Odd Helge Gangstad (Sp) (til venstre), representerer Nettverk for fjord- og kystkommunar. Arnt Sommerlund representerer aksjonen Protest mot auka ferjetakster

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Gruppa viser eit breitt folkeleg engasjement. Det viser at det nyttar å engasjere seg via sosiale medium og at det kan få gjennomslag på Stortinget, seier han.

Sommerlund seier vidare at dei no må vurdere om dei skal skipe ein organisasjon, eller om opprøret skal halde fram på nettet.

– Vi krev ein ferjereform, seier han.

Nettverket for fjord- og kystkommunar består av ordførar og varaordførarar frå heile landet. Dei fortel at over 50 ordførarar no har skrive under på eit opprop for at staten skal innføre og finansiere makspris på ferjene.

– Frå mi øy har folk alt begynt å flytte, seier varaordførar i Molde, Odd Helge Gangstad (Sp).

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL