– Arbeidsforholdet vert avslutta på frivillig grunnlag, melder biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, i ein pressemelding onsdag formiddag.
Bruun har vore tilsett som sokneprest i Stedje og Fjærland sokn i to år.
– Prosessen med å rekruttere ein ny sokneprest startar snarleg, seier Nordhaug.
Partane ønsker ikkje å kommentere saka ytterlegare.
– Eg regner med at Bruun ikkje kjenner at det er plass til ham i kyrkja meir og at han derfor har sagt opp, seier Therese Egebakken i Frimodig kyrkje til avisa Vårt Land.
– Det er godt at vedtak i Bispemøtet vert følgt opp, seier Jorunn Økland, som er teolog og professor i humanistisk kjønnsforsking.
Bruun er den andre presten på ei veke som vert tatt ut av teneste.
5. oktober melde fungerande biskop i Møre, Olav Gading, at vikarprest i Ørskog, Vidar Nes Mygland, ikkje lenger skulle vere tilsett.
– Det er ikkje forbode for prestar å vere mot kvinners presteteneste, men du kan ikkje reservere deg mot å samarbeide, forklarte biskopen.
– Handlar ikkje om kvinnesyn
Nes Mygland var blant dei som uttrykte støtte til Mikael Bruun etter at han på Dagsnytt Atten i fjor haust uttala at han ikkje ville ha «liturgisk fellesskap med kvinnelege prestar».
Fram til då var Bruun sitt «teologisk funderte syn» på kvinnelege prestar kjend for biskopen, men ikkje offentleg kjend.
– Dette handlar ikkje om kvinnesyn, men om det vi kallar embetsteologi, sa han til NRK.
Og la til at synet hans ikkje var eksotisk i eit historisk og globalt perspektiv:
– I nær 2000 år har det ikkje vore kvinnelege prestar.
Utgangspunktet for Dagsnytt Atten-debatten var at Stig Lægdene, domprost i Tromsø, uttala at Den norske kyrkja «legitimerer kvinnediskriminering» ved å halde oppe strukturar som gjer det mogeleg å reservere seg mot å samarbeide med kvinnelege prestar.
Bruun hadde fram til dette vore ein populær prest i bygda, sjølv om soknerådet ikkje ville tilsette han.
– Vi trudde jo at folk ville google han, sa Astrid Hove, som den gong var soknerådsleiar i Stedje, eit av fleire sokn i Sogndal.
Historier frå tida hans som vikarprest i Nordreisa i Troms gjorde også at fleire av medlemmene i Bjørgvin bispedømmeråd stilte spørsmål ved samarbeidsevnene hans.
Ei av historiene som bispedømmerådet hadde på bordet, handla om ordinasjonen til Julie Schjøth, den første kvinnelege presten i Nordreisa nokosinne. Sjølv om soknerådet var klare på at dei «forventa» at Bruun ville møte, dukka han aldri opp i ordinasjonen.
Til avisa Fremover forklarte han at han hadde «andre gjeremål» den dagen.
Bispemøtet avgjorde i fjor at ingen kan nekte å samarbeide med kvinnelege prestar.
– Ei sørgeleg innstramming, sa Bruun då.