Sportsleg leiar Bertil Stranden seier MFK er glad for at Berg blir med, og at brikkene dermed er på plass i det nye trenarteamet.
Odd Berg trenar laget ut sesongen, med returoppgjeret mot Benfica som det siste før ferie. Reidar Vågnes overtar trenaransvaret frå årsskiftet.
Vond prosess
- Det finns ikkje noko vondt blod mellom meg og den sportslege leiinga, sseier Odd Berg, men prosessen har ikkje vore god.
- Klubben har eit stort forbetringspotensiiale når det gjeld leiing og kommunikasjon, seier Odd Berg i eit lengre intervju med NRK Møre og Romsdal som du kan høyre her på denne sida.
- Dette har vore ei tøff uke som har vore energitappande, seier Odd Berg. - Det var meinga at eg skulle ha denne jobben ut året, seier han, og han var derfor klar over at dette kunne skje.
Fokus på fotball
- Likevel må vi no leggje alt dette bak oss og sjå framover.
Han trur at både spelarar og trenarar er så profesjonelle at dei no kan halde fokus på kampane som står att: treningskampen mot Rosenborg på Molde stadion laurdag og returoppgjeret i UEFA-cupen heime mot Benfica torsdag 27.november.