Hopp til innhold

Fekk ja til nytt ingeniørstudium i Kristiansund

No er det avgjort. Høgskulen i Bergen startar ingeniørutdanning i Kristiansund neste haust.

Kaibakken med Nordsundbrua

Neste haust startar Høgskulen eit nytt studium i Kristiansund.

Ole-Gunnar Søgnen

Ole-Gunnar Søgnen, rektor ved Høgskolen i Bergen, meiner at dette studiet er ein kjempefordel for Kristiansund som olje- og gassregion.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Det er samla inn 15 millionar kroner frå det lokale næringslivet, frå kommunar og fylkeskommunen, til å starte med eit kull i undervassteknologi hausten 2015. Rektor Ole-Gunnar Søgnen seier at dei vil etablere seg i nordmørsbyen fordi det skal bli eit senter for utforsking av undervasskompresjon.

– Der er eit tydeleg behov for ingeniørar i næringslivet, og vi har fått til eit godt samarbeid mellom det offentlege, næringslivet og oss som høgare utdanning, seier Søgnen.

Han meiner at etableringa av denne utdanninga vil gi Kristiansund nødvendig kunnskap om undervassteknologi. Og at det er eit stort behov for slik kompetanse med tanke på framtidige olje- og gassrelaterte arbeidsplassar i regionen.

Ingeniørstudiet gir plass til 30 studentar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL