NRK Meny
Normal

– Nytt studium vil gjere Kristiansund til attraktiv studentby

Næringslivet i Kristiansund ønskjer å få i gang eit ingeniørstudium i undervassteknologi i byen.

Kaibakken med Nordsundbrua

Kom Vekst håper at eit nytt studie vil trekkje fleire studentar til byen.

Kristiansund og Omegn Vekst løyver 200 000 kroner til formålet – og ønsket er at studiet kan kome i gang hausten 2015. Høgskulen i Bergen er fagleg ansvarleg for tilbodet.

Ellen Engdahl

Ellen Engdahl, dagleg leiar i KOM VEKST, meiner det er nødvendig med meir kompetanse innan undervassteknologi.

Foto: Trond Vestre / NRK

Dagleg leiar i Kom Vekst, Ellen Engdahl seier det er stort behov for kompetansen eit slikt treårig studium kan gi – med tanke på framtidige olje- og gassrelaterte arbeidsplassar i regionen.

Behov for meir kompetanse

Engdahl meiner eit studium i undervassteknologi i Kristiansund vil styrke byen si rolle som senter for olje- og gassverksemda i Norskehavet.

– Framtida er veldig fokusert på Subsea-aktivitet, og teknologi som blir stadig meir komplisert. Difor treng vi å bygge opp meir kompetanse, seier Enghdahl.

Ingeniørstudiet i undervassteknologi kan gi plass til mellom 30 og 40 studentar.

Dessutan vil det gjere Kristiansund meir attraktiv – både som studentby og som senter for ein bu- og arbeidsmarknadsregion.

Ho har stor tru på at dei unge vil søke seg dit.

– Det er veldig framtidsretta, og det er her aktiviteten vil kome.