I går sette styret i helse Midt-Noreg det nye sjukehuset på ein klar førsteplass av prioriterte oppgåver.
Nytt sjukehus, men kvar?
Administrerande direktør Asbjørn Hofsli i Helse Nordmøre og Romsdal seier at han er 99 prosent sikker på kva tilråding han vil gje når styret i Helse Nordmøre og Romsdal møtest den 15. juni. I dag vil han ikkje seie noko om kvar han meiner det nye sjukehuset bør byggjast.
Hofsli seier at dersom tomtevalet blir vedteke i styret for Helse Nordmøre og Romsdal den 15. juni og i styret i helse Midt-Noreg den 26. juni, kan planlegginga komme i gang rett etter sommarferien.
Finansiering
Tomtevalet er likevel det enklaste, seier Asbjørn Hofsli. Den store utfordringa er finansieringa. Her må midlane prioriterast inn mot Molde sjukehus, og det må arbeidast overfor statsråd, departement, regjering og Storting.
Optimisme
Hittil har det vore rekna med at det nye sjukehuset i Molde kunne stå ferdig i 2012. Etter prioriteringsvedtaket i Helse Midt-Noreg tysdag seier Asbjørn Hofsli at han vågar å tru at dei kan få bygt sjukehuset innan 2011.