Hopp til innhold

Punkterte på Nasjonal turistveg – ingen mobildekning

Dei nasjonale turistvegane lokkar med påkosta rasteplassar og utkikkspunkt. Men mobildekning er ikkje sjølvsagt i 2023.

Shankaran Vedagir saman med dottera til venninna,

INGEN DEKNING: Då uhellet var ute for dei indiske turistane, var det lita nytte i mobiltelefonen. Der var det nemleg ingen dekning.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Det kjendest veldig dramatisk. Vi var på ein ukjent plass og visste ikkje kva vi skulle gjere, seier Shavmila Meenakshi.

Ho er på ferie i Noreg saman med mora, dottera (18) og kameraten Shankaran Vedagir.

Onsdag kveld hadde turfølget frå India nettopp stoppa for å ta bilete av den storslåtte naturen på Gaularfjellet. Eit par svingar ned den bratte fjellsida mot Balestrand var det full stopp.

Det eine dekket på leigebilen var punktert. Reservehjul har dei færraste nye bilar.

Berginga låg i mobiltelefonen. Trudde dei.

Utsikten ved Gaularfjellet

Denne utsikta på den nasjonale turistvegen lokkar mange. Men skulle uhellet vere ute, kjem du ingen veg med mobiltelefonen her.

Foto: Trine Kanter Zerwekh / Trine Kanter Zerwekh, Statens ve

Utsiktspunktet på Gaularfjellet mellom Sunnfjord og Sogn stod klar i 2016. Prislapp: 20 millionar kroner.

Men den instagram-venlege stoppestaden manglar noko mange av oss tek for gitt i 2023: Mobildekning.

«No blir det endeleg mogleg å poste «insta» herifrå», skreiv NRK i 2021. Omsider skulle Telenor gå i gang med å sikre riksveg 13 mobildekning. To år etter er det framleis null strekar på mobil-displayet.

På Telenor sitt dekningskart er store deler av Gaularfjellsvegen som ein grå, dekningslaus enklave i eit elles blått dekningskart. Er du heldig har du i beste fall 2G-dekning på enkeltpunkt.

Telenoir dekningskart. Gaularfjellet.

På Telenor sitt dekningskart ser ein tydeleg kor dårleg det står til på den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet. Deler av vegen har i beste fall 2G-dekning, viss du er heldig.

Foto: Skjermdump: Telenor.no

Frykta dei måtte sove i bilen

Dei uheldige indiske turistane fekk hjelp av forbipasserande, som også prøvde å ringe etter hjelp, men til inga nytte.

– Det var ein fortvilande situasjon, fortel Meenakshi.

Ute var det grått og vått og det var begynt å mørkne.

I bilen hadde dei korkje mat eller drikke. Mora til Meenakshi er dårleg til beins og greier knapt gå meir enn 50 meter. Ho var også svært redd og bekymra.

Dei frykta dei måtte sove i bilen og vente på hjelp.

Les også Deler av veistrekningen til Nordkapp er uten mobildekning: Frykter liv kan gå tapt

Nordkapp globus vinter

Etter kvart kom ein tilfeldig forbipasserande bilist som hjelpte det stranda reisefølget. Han køyrde fleire kilometer til han fekk dekning og fekk ringt etter hjelp til turistane.

I mellomtida hadde turistane via ein SOS-knapp varsla Volvo om hendinga i leigebilen. Til slutt kom redningsbil og henta køyretøyet deira. Turistane var svært letta.

Klokka 2 om natta var dei framme i Førde, og her fekk dei lagt seg inn på ein campingplass.

Torsdag var planen å reise vidare, men først må dei få fiksa bilen på ein verkstad.

– Vi er veldig takknemlege for all hjelpa vi fekk. Men det er viktig å få på plass mobildekning. Ikkje berre for turistar, men for alle andre som køyrer denne vegen, dersom det skulle skje noko, seier Vedagir.

Shavmila Meenakshi(t.h) og kameraten Shankaran Vedagir fekk biltrøbbel på Gaularfjellet, men det var ikkje mobildekning.

Shavmila Meenakshi (til høgre) og kameraten Shankaran Vedagir håper å få bilen fiksa i Førde så raskt som råd, slik at dei kan reise vidare til Flåm. Det er nemleg mora til Meenakshi sin store draum å oppleve den plassen.

Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK

Telenor lovar dekning i løpet av året

– Eg har stor forståing for at folk ønskjer mobildekning, seier Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor.

Sommaren 2021 lovde han dekning på Gaularfjellet innan 18 månader. At det framleis ikkje er på plass, skuldast fleire ting, forklarar han.

Mobildekninga er mellom anna eit samarbeid mellom Telenor og Sogndal kommune. Her må det mellom anna byggemelding til for å starte sjølve arbeidet. Papirarbeidet gjekk nyleg i boks, og no står sjølve bygginga for tur.

– Men no har det dukka opp eit anna skjær i sjøen, seier Amundsen og fortel at prosjektet har blitt dyrare enn planlagt.

Korleis kostnadane skal fordelast, må Telenor og Sogndal kommune bli samde om før bygginga kan starte.

– Eg sit ikkje med tal, men dette vil vi uansett ta med kommunen og ikkje gjennom media først, seier dekningsdirektøren.

Men han er klar på at dei har mål om å få mobildekninga på plass i området før 2023 er over.

Helle Selseng i Sogndal kommune seier følgande om saka:

– Dette har vore ein prosess der avtalar, nabovarsel, saksgang og handsaming skal på plass hos fleire ulike instansar, seier Selseng.

No som alt dette er i boks, er neste steg for kommunen eit møte med Telenor der dei skal bli samde om kostnadsfordelinga.

– Veldig synd

Sunnfjord Utvikling jobbar for næringsliv og reiseliv i regionen.

Dei synest det er synd at det enno ikkje er mobildekning.

– Gaularfjellet er eit fyrtårn for reiselivsnæringa i regionen, og det blir satsa tungt på å selje opplevingar her, seier dagleg leiar Gunhild Berge Stang.

Ho viser til at det er ein del folk på dei nasjonale turistvegane som ikkje er vande med å ferdast i området. Ikkje alle veit kor dei skal ta kontakt om det skjer noko gale.

– Å vere utan mobildekning kan ein kanskje tenke er eksotisk, men det er også fryktelege upraktisk.

NRK har vore i kontakt med Nasjonale turistvegar om saka. Dei har ingen kommentar, seier Werner Harstad, strekningsansvarleg for Gaularfjellet.

Uhellet skjedde på vegen over Gaularfjellet i Vestland fylke.