Hopp til innhold

Nytt kommunevåpen i Molde

Ein jury går inn for at kommunevåpenet «Storslått og energisk» (øvst til venstre på bildet) skal bli kommunevåpen i nye Molde kommune. Forslaget blei vedteke med knappast mogleg fleirtal, heiter det i ei melding frå kommunen. Det var til saman 6 alternativ i konkurransen. No skal politikarane i Midsund, Molde og Nesset avgjere endeleg kva som skal bli nytt kommunevåpen. Det må gjerast likelydande vedtak i alle dei tre kommunane, står det i pressemeldinga. Vinnar-alternativet skal førestille fjell- og/eller bølgjetoppar i energisk samspel ifølgje same melding.

Forslag nytt kommunevåpen nye Molde
Foto: Molde kommune