Hopp til innhold

Ny rekord i salet av energidrikk – Leanna (13) seier aldersgrense er smart

Aldri før har det vore selt meir energidrikk i Noreg enn i 2022. Forbrukarrådet meiner det hastar med å forby sal til barn under 16 år.

Tre jenter i Ålesund på veg til butikken i langfri. Frå venstre Caroline Dalen, Leanna Dyb Eide og Erika Rute.

ALDERSGRENSE: Ingen i jentegjengen er stordrikkarar, men dei har smakt. Caroline Dalen, Leanna Dyb Eide og Erika Rute seier ikkje nei til aldersgrense.

Foto: Remi Sagen / NRK

Tørste nordmenn svelgde unna 73 millionar liter energidrikk i 2022. Det er nesten dobbelt så mykje som i 2019, og meir enn noko tidlegare år. Det viser nye tal frå Bryggeriforeningen.

Leanna Dyb Eide (13) i Ålesund er ei av dei som synest energidrikk er godt.

– Det smakar litt søtt, minner litt om ei brus, eigentleg, seier ho på veg til butikken i Spjelkavik i Ålesund i storefri.

Jacob Røst Slyngstad er einig.

– Det smakar godt, men ein blir veldig ofte freista og litt avhengig, seier han og ler.

Jacob Røst Slyngstad står og gliser utanfor ein butikk i Ålesund

Jacob Røst Slyngstad (13) seier energidrikk er godt. Han er ikkje einig i at han er for ung.

Foto: Remi Sagen / NRK

Svarte på spørsmål

Og det er mange barn som deler 13-åringane sin smak.

Nyleg fortalde NRK om småbarnsmora som trudde at 11-åringen hadde fått spysjuka etter å ha fått i seg to boksar energidrikk.

Kirsti Kverndokk Bjerkan, klinisk ernæringsfysiolog i Helse Møre og Romsdal og Kathrine Haavardsholm, klinisk ernæringsfysiolog ved Oslo universitetssjukehus, svarte på spørsmål om energidrikk måndag kveld.

NRK Svarer er no avslutta, men alle spørsmål og svar kan du sjå her:

Vil nekte unge under 16 år å kjøpe

Dei fargerike boksane er populære blant mange barn og unge. Det er det mange vaksne som ikkje er glad for.

Energidrikk

Salet av energidrikk aukar år for år, og er populære også blant mange barn og unge.

Foto: Maja Susann Martinsen Johnsen / NRK

Forbrukarrådet meiner tida er overmoden for å innføre aldersgrense. Dei viser til at det høge koffeininnhaldet gjer at ein boks er nok til å gje søvnforstyrringar og effektar på hjarte-, kar- og sentralnervesystemet.

– Bransjen klarer ikkje å rydde opp sjølv. Forbruket blant barn og unge aukar. Dei er stadig yngre når dei debuterer som energidrikkarar, dei drikk oftare og meir om gangen. No må styresmaktene ta ansvar og innføre eit forbod slik at helsa til barn og unge kan vernast, seier forbrukardirektør Inger Lise Blyverket.

Ho seier utviklinga er i strid med viljen det politikarar, fagekspertar og bransjen sjølv har tatt til orde for.

Inger Lise Blyverket

Forbrukardirektør Inger Lise Blyverket meiner det bør komme aldersgrense på energidrikk fordi det ikkje er bra for barn og unge.

Foto: Forbrukerrådet

Coop ventar på politikarane

Fleire av butikk-kjedene i Noreg har sjølv innført aldersgrense for å unngå at barn handlar. Coop har ikkje gjort det.

Kommunikasjonsdirektør Harald Kristiansen i Coop Noreg svarar ikkje på om han er samd i at bransjen ikkje har tatt ansvar. I ein e-post skriv han at det er vanskeleg å nekte barn å handle ei lovleg vare.

Dette er ein debatt som kjem opp med jamne mellomrom og som også vi skulle ønske blei landa av styresmaktene slik at vi sikrar lik praksis i alle næringar som sel energidrikke.

Harald Kristiansen, kommunikasjonssjef i Coop Norge.

Harald Kristiansen er kommunikasjonsdirektør i Coop. Han ber om ei avklaring.

Foto: Espen Solli / Espen Solli

Vurderer å be FHI om hjelp

Og han kan snart få det som han vil.

Helse- og omsorgsdepartementet jobbar med ei stortingsmelding om folkehelse, særleg retta mot barn og unge. Arbeidet blir ferdig våren 2023.

Statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt (Ap)

Statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt seier dei er urolege over den aukande bruken av energidrikk blant barn og unge.

Foto: Esten Borgos, Borgos Foto AS

Der vil den aukande bruken av energidrikk bli eit tema, og det er snakk om eit mogleg forslag om innføring av aldersgrense.

– Det er grunn til å uroe seg over den aukande bruken av energidrikk blant barn og unge. Energidrikkar inneheld koffein som i store mengder kan påføre barn og unge risiko for negative helseeffektar, seier statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt i Helse- og omsorgsdepartementet.

Han seier dei no vurderer å be FHI sjå på korleis styresmaktene kan følgje med på utviklinga blant ungdom i alderen 14 til 17 år.

Koffeininnhald i ulike drikker:

Drikk:

Koffeininnhald (1 dl)

Espresso

ca. 120 mg.

Kaffe

ca. 50-60 mg.

Energidrikker

ca. 32 mg.

Te

ca. 26 mg.

Cola

ca. 15 mg.

– Masse folk likar energidrikk

13-åringane i Ålesund seier at foreldra nølande aksepterer at dei kjøper energidrikkar ein gong i blant.

Leanna Dyb Eide seier ho støttar ei nasjonal aldersgrense i alle butikkar.

– Eg synest eigentleg det er lurt. Eg trur det er farleg for barn og lett å bli avhengig av det, seier ho.

Klassekameraten Mohammed Hassan ønskjer ikkje at styresmaktene skal innføre aldersgrense i det heile tatt.

– Det synest eg ikkje dei bør gjere, masse folk likar energidrikk, seier han.

13-åringen Hassan Mohammed står utanfor ein butikk i Ålesund med yttertøy og sekk i handa

Mohammed Hassan vil ikkje ha noko aldersgrense på energidrikk.

Foto: Remi Sagen / NRK