Hopp til innhold

Ny rekord for Bjørnsonfestivalen

27.270 har vore publikum på Bjørnsonfestivalen sine tilbod i løpet av 2023. Dette er ny rekord, melder festivalen i ei pressemelding.

– Dei siste åra har vi satsa på å utvide arbeidet vårt frå festival til å bli ein heilårleg kulturinstitusjon. I 2023 gjennomførte vi arrangement i heile fylket, i samarbeid med gode litteraturkollegaer, seier festivalsjef og dagleg leiar for Stiftelsen Bjørnsonfestivalen, Johild Kosberg Bredin.