Hopp til innhold

– Det er ikkje siste gong det blir flagga med prideflagg i Vanylven, det kan eg love!

Ordføraren i Vanylven på Sunnmøre seier dei skal melde tjuveriet av prideflagg til politiet. Han er skuffa over at flagga ikkje fekk henge i fred.

Heising av prideflagg i Vanylven

HEISTE FLAGG: Laurdag heiste ordføraren i Vanylven Paul Sindre Vedeld og kommunedirektør Andreas Nørve prideflagg på Fiskå i Vanylven. Dei fekk ikkje henge lenge før dei var vekke.

Foto: Tanja Thunem / Synste Møre

– Vi kjem til å melde dette til politiet. Det er supert om nokon leverer dei tilbake, men eg kjem til å bestille inn nye flagg, seier ordførar i Vanylven, Paul Sindre Vedeld, til NRK.

– Det er ikkje siste gong det blir flagga med prideflagg i Vanylven. Det kan eg love, legg han til.

Det var Synste Møre som først omtalte at flagga hadde forsvunne.

Blei hengt opp i samband med pride

Laurdag heiste ordføraren i Vanylven og kommunedirektøren opp prideflagg i samband med Bygdepride i Ørsta og Volda.

– Eg skulle representere Vanylven og halde ein appell under Bygdepride, så eg synest det var på sin plass å vise kva eg meiner, seier Vedeld.

Laurdag heisa ordføraren i Vanylven Paul Sindre Vedeld og kommunedirektør Andreas Nørve prideflagg på Fiskå i Vanylven.

Sindre Vedeld, ordførar i Vanylven, og kommunedirektør Andreas Nørve heiste flagga laurdag morgon. Innan søndag var dei to prideflagga vekke.

Foto: Tanja Thunem / Synste Møre

Planen var at flagga skulle få henge ved kommunesenteret på Fiskå til søndag kveld. Men då ordføraren kom tilbake var flagga vekke. Han trudde først at det var kommunedirektøren som hadde tatt dei ned.

– Når eg kom på jobb måndag oppdaga eg at det ikkje var han. Då byrja vi å undersøke om det kunne vere vaktmeisteren eller nokon andre, men ingen i kommuneseksjonen visste noko om det.

I fjor blei også regnbogeflagget på Hatlane skule i Ålesund stole og brent opp.

– Veldig skuffa

Vedeld fortel at dei så langt ikkje har nokon spor som peiker mot kvar flagga har blitt av.

Ordfører i Vanylven, Paul Sindre Vedeld, står framom Vanylven Rådhus. Han har på ei lys mønstrete skjorte, og mørk lang jakke.

Ordføraren i Vanylven seier han er skuffa over at flagga ikkje fekk henge i fred (arkivbilde).

Foto: Ivar Eidheim / NRK

– Eg er veldig skuffa. Eg hadde ikkje trudd at dette skulle skje i Vanylven. At vi ikkje kan ha toleranse for at det blir hengt opp flagg som handlar om fri kjærleik, det synest eg er skammeleg.

Ordføraren seier det er viktig å vise at det er plass til alle, spesielt på bygdene.

– Eg trur det er avgjerande i alle bygder at dei som bur der ser at vi bryr oss om alle.

Vedeld har ei klar oppfordring til den eller dei som har tatt flagga.

– Om det berre er det vi kallar gutestrekar og flagga blir levert tilbake, så skal vi gløyme det og rekne det som ein bom.

Les også Thon Hotels snur – tillèt heising av Pride-flagg

Thon Hotel i Ålesund har onsdag heisa Pride-flagget.

Flagg på halv stong

Lars Myklebust har vore aktiv i debatten om flagging i lokalavisa Synste Møre i Vanylven, og hadde sjølv heist eit prideflagg utanfor huset sitt i helga.

Prideflagg på halv stang i Vanylven

Lars Myklebust fekk dette bildet frå ei venninne natt til søndag.

Foto: Privat

I løpet av natta fekk han ei melding frå ei venninne om at flagget hang på halv stong. Han var ikkje heime, men har fått vite frå naboar at personar skal ha vore inne på eigedomen hans tidlegare på natta.

– Eigentleg tek eg ikkje det med mitt flagg så tungt, for eg håper det er ungdomar som berre skal tøffe seg litt. Det er likevel klart at handlinga er både heilt unødvendig og hånleg, seier Myklebust.

Ein blir ganske hardhuda av å vere opent homofil, for om ein engasjerer seg og les seg opp på samfunnsdebatten, så blir ein alltid minna på at det er nokon som legg ein for hat for den ein er, legg han til.

Myklebust synest det er positivt at kommunen har teke standpunkt og flagga for pride. Samtidig seier han det er trist at deira flagg blei stolne.

– Eg håper at det er ungdomsstrekar, men eg synest det er særs alvorleg om det er nokon som har gjort det som er motivert av hat eller motstand mot pride.

Les også Åse skole tok ned pride-flagg – nå snur de

Pride-flagget vaier igjen på Åse skole.

– Viktig standpunkt

Myklebust meiner det er svært viktig at kommunar viser støtte gjennom å heise prideflagget.

Lars Myklebust på Osterøy Bygdepride.

Lars Myklebust var blant initiativtakarane bak Osterøy Bygdepride.

Foto: Privat

Det er viktig at kommunen tek eit klart standpunkt og viser at borna sine oppvekst- og opplæringsarenaar er for alle. For vi lever i ei verd der vi ser mange døme på at skeive er alt anna enn verdsette, seier han.

Myklebust meiner også at offentlege institusjonar, lag og organisasjonar som har med unge å gjere bør ta standpunkt og markere pride. Han seier at det kan vere med på å skape trygge arenaer.

Rett og slett fordi det er i ungdomsåra dei fleste opplever usikkerheit knytt til kjønn og seksualitet.