Hopp til innhold

Har signert for Aalesund

Aalesund har fått ny keeper. Etter salet av Anders Lindegaard til Manchester United, og skade på reservekeeper Ole Christian Rørvik, har Aalesund berre hatt ein seniorkeeper i stallen.

Jonas Sandqvist

Jonas Sandqvist valde kontrakt med Aalesund framfor meir prøvespel for Middlesbrough.

Foto: FRED GREAVES / REUTERS

Medan førstekeeper Sten Grytebust spelte ein svært god kamp mot Fredrikstad i går, var det den unge juniorkeeperen Mathias Rasmussen som sat på benken som reservekeeper.

Men no kan keeperproblemet til Aalesund vere løyst. Dette skjer ved signeringa av ein keeper som truleg vil gje Sten Grytebust kamp om å vere førstevalet. Kontrakten er imidlertid berre ut året. Det kan tyde på at det er Sten Grytebust og Ole Christian Rørvik det blir satsa på for framtida.

– Eg har bestemt meg for å skrive kontrakt med Aalesund og eg ser verkeleg fram til denne utfordringa, seier den nye Aalesund-keeperen Jonas Sandquist til Sky Sports.

Prøvespelte for Middlesbrough

Jonas Sandquist har vore på prøvespel for den engelske klubben Middlesbrough. Han hadde tilbod om å forlenge opphaldet for å spele nokre kampar. Men han valde altså Aalesund.

– Eg har ambisjonar om ein gong å spele i England. Men no konsentrerer eg meg om Noreg, som har ein tøff og sterk liga. Eg ser også fram til å bli vener med supporterane i Ålelsund, seier Sanquist til Sky Sports.

Aarøy trenar med AafK

Den tidlegare AaFK-spissen Tor Hogne Aarøy skal trene med gamleklubben i dagane fram over. Aarøy har fått ferie på ubestemt tid frå sin japanske klubb, JEF United.

All fotball er innstilt i det jordskjelvherja landet, og Aarøy og familien kjem difor heim til Ålesund. Klubbdirektør Henrik Hoff har vore i kontakt med Aarøy som har gitt klar beskjed om at han skal trene med sine gamle lagkameratar.

– Tor Hogne seier til oss at han har veldig lyst til å fullføre kontrakten sin i Japan. Skal han kome til å spele for oss, må det skrivast ein avtale før utgangen av mars. Dersom det skulle vere aktuelt vil vi sjølvsagt sjå på det, men Tor Hogne vil først og fremst tilbake til Japan, seier Hoff.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL