Hopp til innhold

Eva (21) fekk brutal start på barndommen – blei misbrukt av faren i årevis

Eva var ikkje meir enn åtte år gamal då faren forgreip seg mot henne seksuelt første gongen. Berre i vår har 135 norske barn vore involverte i rettssaker der deira aller næraste er dømde for å ha mishandla dei.

Valdtektsutsett

21 år gamle Eva klarte til slutt å tilgje faren sin, og ser no framover. Hennar store ønskje er at fleire skal tore å melde frå om det som skjer heime. Ho seier det er hjelp å få.

Foto: Remi Sagen / NRK

Stadig fleire mishandlingssaker innanfor husets fire vegger blir lagt vekk, trass i at Riksadvokaten har pålagt politiet å prioritere desse sakene. For Eva (21) endra livet seg då ho vågde å fortelje – og blei trudd.

Ho var berre ei småjente då overgrepa starta heime i ei bygd på Sunnmøre. Faren tvang henne og veslesystera til å kle av seg, sjå på pornofilmar og vere med på seksuelle leikar. Og han forgreip seg på dei. Gong etter gong. År etter år.

– Når det skjedde hadde eg "ut-av-kroppen"-oppleving, eg "spaca" heilt ut og venta på at det skulle vere ferdig, prøvde berre å blokkere det, seier ho.

Valdtektsutsett

Faren skulda døtrene sine for løgn, då dei vitna mot han i retten. Men seinare la han alle kort på bordet. Han kjem til å sitje fengsla i mange år framover.

Foto: Remi Sagen / NRK

21-åringen ventar sitt første barn, er forlova og har fått draumejobben. Om kort tid skal ho sjå sin førstefødde inn i auga – og veit ho blir verdas lukkelegaste mor.

Men ho var ikkje verdas lukkelegaste barn.

Kartla alle dommar i tre månader

NRK har gått gjennom alle dommar frå norske rettssalar der barn denne våren har vore involverte i rettssaker mot deira aller næraste.

Dommar

NRK har kartlagt alle dommar der barn er involvert i familiemishandlingssaker denne våren. Gjennomgangen viser at det som regel er fedrane som står for mishandlinga.

Foto: Remi Sagen / NRK

135 jenter og gutar har vore i til saman 84 rettssaker med overgrep gjort av nære omsorgspersonar. Materialet inneheld skildringar av valdtekter, slag, spark og pisking, fysiske, psykiske og seksuelle overgrep. Mange over lang tid.

Dersom tala er representative for resten av året, betyr det at 540 barn er involverte i denne typen saker i løpet av eitt år.

Både overgriparane og offera nektar

Nesten ingen av dei domfelte vedgår skuld. Dei nektar for at det har skjedd noko gale, og svært ofte gjer også ungane det same. Dei vil ikkje fortelje at deira aller næraste – gjerne faren – har forgripe seg mot dei.

Marit Bruseth

Psykologspesialist Marit Bruseth har vore sakkunnig i retten og forklart korleis overgrep frå foreldre eller andre nærståande går ut over ungane. Ho meiner det er spesielt skadeleg når omsorgspersonar forgrip seg mot verjelause born.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er ein person som skal hjelpe deg, støtte deg og vere der for deg. Dersom dette samstundes er den du er redd og som gjer deg vondt, har det dramatiske konsekvensar for veldig mange av barna seinare i livet, på dei fleste område, både sosialt, kognitivt og emosjonelt, seier psykologspesialist Marit Bruseth.

– Trudde det var normalt

For Eva var det også slik at ho skamma seg. I mange år nekta ho for at faren hadde gjort noko gale, og prøvde heller å framheve kor grei han var, dersom nokon stilte spørsmål.

Utsett for valdtekt

21 år gamle Eva nekta lenge for at faren hadde forgripe seg mot henne. Då ho til slutt klarte å fortelje kva som hadde skjedd, blei ho trudd.

Foto: Remi Sagen / NRK

21-åringen seier ho såg seg rundt i klasserommet då ho begynte på skulen, og tenkte at dei andre jentene sikkert også hadde opplevd det same, men at det berre ikkje var vanleg å snakke om.

– Etter kvart forstod eg at det ikkje var så normalt som eg først trudde, legg ho til. Saka blei rulla opp då faren også forgreip seg mot ei anna jente, men framleis nekta Eva, både for politiet, vener og familie.

Dei fleste overgriparane er fedrar

Kartlegginga til NRK viser at dei aller fleste som forgrip seg er fedrar til borna, men i materialet er det også bestefedrar og mødrer, onklar og syskenbarn. Overgrepa skjer mot babyar, men også større barn.

Nesten halvparten av borna har foreldre som er fødde i utlandet, men no bur i Noreg.

To av tre saker blir lagt vekk

Riksadvokaten, som legg føringar for kva politiet rundt omkring i landet skal bruke tid på, har i fleire år sagt at familiemishandling skal prioriterast.

Riksadvokaten har også vore spesielt oppteken av såkalla tilrettelagde avhøyr, altså saker der barn blir avhøyrt.

Likevel viser den siste kriminalstatistikken frå våren 2018 at to av tre saker blir lagt vekk av politiet. Berre 33 prosent av sakene blir oppklarte.

Terje Nybøe

Førstestatsadvokat Terje Nybøe hos Riksadvokaten seier dei gjerne skulle sett at oppklaringsprosenten i mishandlingssaker mot barn var høgare.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

– Vi skulle gjerne sett at talet var høgare. Men på dette saksfeltet er det krevjande både å etterforske, påtaleavgjere og føre sakene i retten. Det er små barn som forklarer seg om tillitspersonane sine, det er få tekniske bevis, og vi er strenge i vår vurdering. Vi skal vere sikker på at vedkomande har gjort det, og at vi klarer å bevise det i domstolane, seier førstestatsadvokat Terje Nybøe hos Riksadvokaten.

Ber om tips tidleg

Politidirektoratet vedgår at det er problematisk at så mange saker blir lagt vekk. Ei omfattande kartlegging i 2016, viste at politiet mellom anna var for dårlege til å sikre bevis og gjere avhøyr med ein gong dei fekk tips om saker.

Seksjonssjef Harald Bøhler seier det førte til at politiet no har større fokus på å sette på dei rette folka heilt frå saka blir meld til politiet.

Vi har tatt sjølvkritikk på at vi ikkje har vore flinke nok i initialfasen. Vi har kanskje ikkje vore tydelege nok overfor publikum at vi ønskjer desse sakene så tidleg som mogleg, seier seksjonssjef Harald Bøhler.

Harald Bøhler

Seksjonssjef Harald Bøhler i Politidirektoratet seier dei tek sjølvkritikk på at dei ikkje har vore gode nok i startfasen av ei familievaldssak. Dei ber folk vere raskare å varsle når noko skjer.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

Ser framover

Eva fann til slutt ut at ho måtte fortelje kva som skjedde heime, og opplevde å bli trudd både av politiet, helsevesenet og rettssystemet, trass i at faren nekta. Først då ankesaka skulle til å starte, la faren alle kort på bordet og fekk ein dom på sju års fengsel.

Eva seier det har blitt heilt avgjerande at ho har klart å tilgje han.

– Eg har klart å legge det frå meg, no ser eg heller positivt på framtida. Det har skjedd, det er synd, men eg skal ikkje la det øydeleggje meg. No har sanninga kome fram, no sit han inne der han bør sitje inne, no kan eg sjå framover og nyte livet.

Eva er ikkje det rette namnet hennar. Av omsyn til sysken og andre involverte, har NRK valt å anonymisere henne.

Faren er kjend med at dommen blir omtalt, men ønskjer ikkje å kommentere saka.