Det er stor interesse for kampen mellom AaFK og MFK. Etter at kampen har vore flytta to gonger er det tysdag 13.september klokka 1900 som er det magiske tidspunktet. To lokale lag på desperat jakt etter poeng som kan stimulere til fornya kontrakt i Tippeligaen.
NRK Møre og Romsdal sender direkte på P1-nettet og på nettsidene sine. Kommentator vert Arne Flatin.
Molde og AaFK har spelte tre kampar mot kvarandre i Tippeligaen tidlegare, og Molde har til gode å vinne ein einaste av dei. I 2003 vart det 1-1 på Kråmyra, medan AaFK vann 3-2 i ein høgdramatisk kamp på Molde stadion.
I årets 16.mai-kamp vart det 2-2 på Molde stadion etter at Molde hadde leia kampen 2-0. Både Molde og AaFK ligg utsett til på tabellen og kjempar for å unngå nedrykk til 1.divisjon.