Hopp til innhold

Ho som var Noregs eldste er død – sunnmørskvinna Gunhild blei 108 år gamal

Gunhild Lyse heldt på barnetrua og droppa hard festing. Onsdag døydde ho som lenge var Noregs eldste.

Gunhild Lyse

Gunhild Lyse fotografert på 108-årsdagen sin i fjor sommar.

Foto: Randi Ansok / Nyss

Det einaste sikre for alle menneske er at livet ein dag tek slutt. Men for Gunhild Lyse på Sunnmøre gjekk det ekstra lenge. Tidlegare denne veka døydde landets eldste kvinne, 108 år gamal.

– Det var ikkje uventa, ho var gamal og mett av dage. Ho blei svakare og svakare og brått var det slutt, seier eldstesonen Per Jarle Lyse (81).

Han skildrar mor si som ein energibunt med sans for turgåing, sosialt liv og diktlesing. No har Lyse sjølv på 81 år blitt familiens eldste.

Norges eldste, ifølgje Wikipedia

Ifølgje Wikipedia er det fleire eldre kvinner som står i kø for å ta over som landets eldste.

Foto: skjermdump

Folk blir stadig eldre

Alt tyder på at rekorden til den 108 år gamle sunnmørskvinna snart blir utfordra. For forventa levealder aukar stadig. Vanlege folk blir ifølgje statistikken dobbelt så gamle i 2022 som på 1850-talet.

Men det er forskjellar mellom landsdelane. Folk lever lengst på Vestlandet, kortast i Finnmark. Aller lengst lever vestlandskvinnene.

– Eg trur nøkkelen til eit langt liv er at ein er moderat med det meste og lever sunt, seier ordførar Jan Idar Tryggestad.

Han seier han sjølv prøvar å leve etter det prinsippet, men vedgår at han burde trimma og gått meir, slik som Gunhild Lyse gjorde.

Jan Ove Tryggestad

Ordførar Jan Ove Tryggestad i Stranda seier det er lurt å vere måtehalden med det meste, og gjerne halde seg heilt unna tobakk og alkohol.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Ho kom som tenestejente frå sunnmørsøyane og inn til fjordbygda Stranda. Der trefte ho Torvald Lyse, som ho seinare gifta seg med.

Les også Vidar (107) er den eldste mannen i Noreg

Vidar Eide

Heldt på barnetrua og droppa festar

Lokalavisa Nyss intervjua 108-åringen i fjor sommar, og møtte ei kvinne med godt humør. Då gav ho frå seg oppskrifta på eit langt liv.

– Vegen til eit langt liv er å halde seg i form, ha eit godt humør og drikke tran i vinterhalvåret. Elles er det bra å løyse kryssord og vere engasjert. Eg har halde på barnetrua mi og ikkje vore nokon festar, sjølv om eg har vore med på mykje festligheiter. Og eg har vore med i Helselaget i alle år, uttale ho då.

Gunhild Lyse med systera Petra

Gunhild Lyse til høgre, med storesystera Petra.

Foto: privat/avfotografert av Randi Ansok/Nyss

Komande veke er det gravferd i heimbygda Stranda. Noregs eldste kvinne lèt etter seg tre barn, seks barnebarn og seks oldebarn.

Stranda kyrkje

Noregs eldste kvinne blir gravlagd frå Stranda kyrkje på Sunnmøre.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL