Hopp til innhold

Vidar (107) er den eldste mannen i Noreg

Vidar Eide frå Tørvikbygd i Hardanger bur framleis i huset der han vart fødd i 1914.

Vidar Eide

PÅ PLASS: I stova sit Vidar med svipennen sin.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Inne i stova sit Vidar Eide med ei skoskei i handa. Med ein svipenn svir han inn prikkar og krusedullar på fjøla.

Etter å ha fylt 107 tidlegare i juli, er han den eldste mannen i Noreg.

Sjølv om han ikkje høyrer like godt, eller er like stø på handa som før, held han seg oppteken ved å laga skoskeier.

Lagde to båtar etter han fylte 100

Vidar er bonde av yrke, og er fødd og oppvaksen på Eide Gard i Tørvikbygd.

Sidan han vart fødd her i 1914, har han overlevd spanskesjuka og to verdskrigar, og opplevd 21 amerikanske presidentar og 48 olympiske leikar.

Smårbuksskulen 1934

UNGFOL: Vidar gjekk på smårbukarskulen i 1934.

Foto: Britt Eide

I dag er det barnebarnet Britt Eide som står for den daglege drifta.

Eide er uroa over framtida til småbøndene.

– Det er dårleg økonomi, og det er få som vil satsa på det. Dei unge gjer heller ting som er meir lønnsamt, seier Eide i det han finn eit eikebord og legg det på bordsaga.

Vidar Eide

FRAMTIDSPESSIMIST: Vidar Eide er redd for at stadig færre unge bønder småbønder satsar i tida som kjem.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Sjølv om han hadde nok av ting å henga fingrane i som kubonde, var han òg ein handverkar av rang.

I dag går det hovudsakleg i skoskeier. Eide anslår han har laga godt over 1000.

Men han har òg laga mange trerobåtar. To av dei laga han etter han passerte 100 år.

Skoskeier

SKOSKEI: Det er neppe eit problem å få på seg fottøyet viss du tar turen innom Vidar Eide.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Legen bad meg pensjonera saga

Han startar den trufaste bordsaga. Han hugsar ikkje kva årstal den er kjøpt, men tilstanden tilseier at den har mange brukstimar.

– Er du redd for å skjera deg?

– Den har kosta meg eit par fingrar, denne saga, seier Eide, og viser smilande fram hendene sine.

Sist gong kappa han av delar av peikefingeren. Då fekk han klar beskjed frå legen.

– «Du må pensjonera den saga di, sa legen». Men eg har ikkje gjort det endå, seier Eide.

Vidar Eide
Vidar Eide
Vidar Eide
Vidar Eide

– Ta tida til hjelp

Han set seg i den elektriske scooteren og køyrer ned att i stova, med skoskeiene i korga.

Han stoppar ved postkassa, for å henta avisa. Eide sver til Hordaland Folkeblad og Nationen. Eide var fire år gamal då første utgåve av sistnemnde blad kom ut.

I ein ny rapport frå Folkehelseinstituttet kom det fram at Vestland har den høgste forventa levealderen i landet.

Ein kan undrast over kor mykje Vidar dreg opp snittet åleine.

No skal han inn att i stova og svi på mønster på dei ferske skoskeiene.

– Kva tips har du til andre som vil bli like gamal som deg?

– Det er berre å venta, det. Ta tida til hjelp, smiler Eide.

Gammalt hus på Eide

GAMALT: I huset frå 1887 har Vidar budd sidan han vart fødd.

Foto: Lidvard Sandven / NRK