Hopp til innhold

Furuskog stansar byggeplanane til nonnene

I 30 år har det blitt jobba for å bygge kloster på Syltefjellet i Valldal. Naturvernforbundet vil ta vare på skogen og meiner klosteret må finne ny tomt.

Første messe på Syltefjellet

Det heilage patriarkalske og stavropegiske kloster av heilage kong Olav og profeten Elias vil bygge eit kapell på Syltefjellet og seinare eit kloster.

Foto: Frode Berg / NRK

Dei gresk-ortodokse nonnene drøymer om eit kloster på toppen av Syltefjellet på Sunnmøre. Under det stupbratte platået skal Olav den heilage ha kasta ein sjøorm på fjellveggen, ifylgje segna. Sylteormen er synleg i fjellsida.

No set gamal furuskog ein stoppar for planane. Naturvernforbundet har klaga på utbygginga og fått medhald. Dei fryktar ei folkevandring i området med store skogverdiar.

– Dette er ikkje plassen å bygge eit kloster. Det er mange andre stader ein kan bygge på, seier fylkessekretær Øystein Folden.

På Syltefjellet skal det etter planen byggast eit kloster. Det har utsikt over fjord, fjell og Valldal

På dette fjellet skal det etter planen byggast eit kloster. Det har blitt arbeidd med planane sidan 1991.

Foto: NRK

Flatpakka kapell

Fjord kommune gav løyve til å sette opp eit 90 kvadratmeter stort kapell på Syltefjellet i første omgang. Kapellet i tre er ferdig produsert og ligg på eit lager.

Politikarane vedtok at bygginga av kapellet skulle få dispensasjon frå krav om reguleringsplan. Det seier Statsforvalteren nei til.

Dei meiner at det må utarbeidast ein reguleringsplan for å sikre at ein ser heilskapen i arealbruken.

– Tomta der dei vil bygge kapellet ligg i eit viktig friluftsområde. I nærleiken av klostertomta er det også registrert naturtypar som er karakterisert som svært viktige og av høg verdi, både regionalt og nasjonalt, seier seniorrådgivar Therese Småland hos Statsforvaltaren.

Kapellet er berre første ledd i utbygginga. Seinare skal det byggast kloster der.

Kapell som er tenkt bygd på Syltefjellet i Valldal

Dette kapellet er ferdig produsert og ligg på lager. Fjord kommune gav løyve til å sette det opp, men no krev Statsforvaltaren at det blir utarbeidd ein reguleringsplan først.

Foto: Illustrasjon frå byggesøknad

Må ligge på Syltefjellet

Tidligere ordfører i Norddal kommune, Arne Sandnes (Sp)

Arne Sandnes har vore sterkt engasjert i klosterplanane i mange år.

Foto: Viktoria Hellem-Hansen / NRK

Arne Sandnes er tidlegare ordførar og har i årevis engasjert seg for klosteret. Han meiner klosteret ikkje kan ligge på nokon annan plass enn Syltefjellet.

– Den plassen er som tatt ut av læreboka. Kloster skal ligge på prominente høgdepunkt, seier Sandnes.

Han er samd i at det er viktig å ta vare på naturen, men at i denne saka må naturen vike fordi det ikkje finst liknande plassar å bygge eit kloster på. Det skal også gå an å sørge for at trafikken av besøkande ikkje gjer stor skade.

– Klosteret set Fjord kommune på noregskartet og det er ein snakkis i heile landet, seier Sandnes.

Les også Nonner trenger penger til kloster på fjellet – satser på rødvin

Nonnene Søster Evgenia (t.v) og Abedisse Thavoria (t.h)

Tar lengre tid

Ordførar i Fjord, Eva Hove (Ap), seier at vedtaket betyr at det tar lengre tid å få sette opp bygningar på Syltefjellet, fordi nonnene må utarbeide ein reguleringsplan.

– Det er både kostnadskrevjande og tidkrevjande, seier Hove. Ho seier at formannskapet gav dispensasjon fordi det var eit moderat bygg utan store naturinngrep, men at Statsforvaltaren har vurdert saka annleis.

For kommunen er klosteret viktig med tanke på reiseliv.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med klosteret.

Gresk-ortodokse nonner dukker opp i den lille bygda Valldal for å bygge et majestetisk kloster. Ordføreren er begeistret, men bygdefolket er splittet.

Gresk-ortodokse nonner dukkar opp i den vesle bygda Valldal for å bygge eit majestetisk kloster. Ordføraren er begeistra, men bygdefolket er splitta.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL