NRK Meny
Normal

Norddal-nonnene får kyrkje i gåve

Nonnene i Norddal har fått ei kyrkje i gåve gjennom biskopen for den romenske ortodokse kyrkja for Nord-Europa. No er kyrkja under bygging i Romania, og målet er å få sett henne opp på klostertomta på Syltefjellet i Valldal.

Kyrkjeplanar Valldal

Abbedisse Thavoria ved det ortodokse klosteret i Norddal fortel at kyrkja vil vere ferdig bygd i Romania om fire månader.

Foto: Fotomontasje

– Det er ei stor gåve, og me er veldig takksame, seier Abbedisse Thavoria

Nonner

LØYVE: Nonnene ventar no på dei nødvendige løyva før dei kan setje opp kyrkja.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Sidan 1991 har det vore planar for eit ortodokst kloster på Syltefjellet i Valldal. Tomta ligg spektakulært til, på ei bratt fjellhylle over den kjende jordbærbygda på indre Sunnmøre. Men det har vore mange hinder i vegen for prosjektet. Blant anna vart nedlegginga av grunnsteinen i fjor avlyst, grunna sjukdom.

Likevel er dei optimistiske:

– Me ser kyrkja som eit viktig skritt på vegen for å realisere klosterplanane, seier Abbedissa Thavoria.

LES OGSÅ:

Gåve frå private

Det var tidlegare i vår at bispen for Nord-Europa og fleire frå den den Rumensk-Ortodokse Kyrkja var på vitjing til nonnene og presten i klosteret i den nedlagte prestegarden i Norddal.

Kyrkje Valldal

Kyrkja blir bygd i tre, og tømmeret skal merkast før det vert teke ned og frakta til Noreg.

Foto: Privat

Dei hadde med seg ei gåve: ei trekyrkje, som no er under bygging i Romania. Planen er at kyrkja skal takast frå kvarandre, bit for bit, fraktast til Noreg og bli sett opp igjen i Valldal.

– Det er fleire privatpersonar i Romania som har finansiert kyrkja. Når me får sett henne opp, skal ho brukast til å halde gudstenester og liturgi, fortel Abbedisse Thavoria.

Kyrkja blir bygd i tre, og skal ha plass til omlag femti menneske. Abedissa fortel også at den visuelt vil ha slektskap til norske kyrkjebygg, med tre på taket, som ei stavkyrkje.

LES OGSÅ:

Ventar på løyve

Enno ventar nonnene på dei nødvendige løyva før dei kan setje opp kyrkja. No håpar Abbedisse Thavoria det skal gå bra.

– Me tek gjerne imot tips og informasjon frå folk som kan hjelpe oss med praktiske ting, til dømes korleis me skal få kyrkja opp på hylla og hjelp til løyve, seier Abbedisse Thavoria.

Ho seier at alle som har sett på planane hittil, har vore begeistra.

– Dersom me får realisert dette, trur eg mange vil kome og sjå både plassen og kyrkja. Dessutan er det nok mange som ser fram til å kunne sjå ei kyrkje på ei fjellhylle over Valldal sentrum.

Valldal

På toppen av fjellet til venstre er planen at kyrkja skal setjast opp.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK