Hopp til innhold

No blir det ny barneavdeling!

Styret i Helse Midt-Noreg har torsdag formiddag samrøystes vedteke at det skal byggjast ny barneavdeling ved Ålesund sjukehus.

Slik skal den nye barneavdelinga i Ålesund sjå ut.

Slik skal den nye barneavdelinga i Ålesund sjå ut.

Foto: Skisse:CF Møller

Føresetnaden er at avdelinga ikkje blir dyrare enn dei 259 millionane det er budsjettert med. Administrasjonen i Helse Midt-Noreg skal leggje fram ein finansieringsplan i april.

Planen har vore å starte bygginga sommaren 2009 og at avdelinga skal vere ferdig i desember 2010. Styreleiar Kolbjørn Almlid seier at det er løyvt 30 millionar kroner på årets budsjett. - Det er nok til å lyse ut bygginga på anbod og starte arbeidet. Så skal vi greie å skaffe dei nødvendige midlane for 2010. Nøyaktig korleis får vi avklare når vi behandlar finansieringsplanen i aprilmøtet vårt, seier han.

- Det har vore sagt fleire gonger før at no kjem barneavdelinga, og så er det blitt utsett...

- Denne gongen er det sikkert, det er det ikkje tvil om, seier Almlid.

- Når blir anbodet lyst ut?

- Frå styret si side er det ingenting som tilseier anna enn at det blir gjort så fort det reint praktisk let seg ordne, seier styreleiar Kolbjørn Almlid.

Administrasjonen i Helse Midt-Noreg hadde foreslått å utsetje bygginga av barneavdelinga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL