Hopp til innhold
NM-fotball, cupfinale for menn 2023: Bodø/Glimt - Molde (0-1)
Foto: Terje Pedersen / NTB

Fotball-NM 2024 Møre og Romsdal

  • Træff skremte KBK

    3. divisjonslaget Træff tok imot eliteserielaget Kristiansund BK i onsdagens cupkamp.

    Og det var heimelaget som fekk kampens første mål. Etter berre ni spelte minutt sette Iver Flønes ballen i mål for Træff. Etter dette tok KBK meir føringa i kampen, men utlikninga kom først to minutt før pause. Då sette Brynjólfur Willumsson ballen i mål og laga gjekk til pause med stillinga 1–1.

    Pape Guèye sende KBK i leiinga etter 70 spelte minutt og dette blei også sluttresultatet.

    KBK-trenar Amund Skiri seier dei møtte tøffare motstand enn dei kanskje hadde venta.

    – Træff er godt organiserte, dei har eit bra spel og gode individ i laget som kan skape trøbbel for oss. Og så blir kanskje kampen tøffare enn vi hadde trudd i og med at vi ligg under 1–0 så tidleg. Samtidig får vi 1–1 til pause og veit at vi må jobbe på i andre omgang for å få det vi treng, og det gjer vi. Så når vi får den scoringa føler eg at vi vinn forholdsvis greitt, seier Skiri.

    Spelande trenar for Træff Vegard Forren var fornøgd med lagets innsats, men hadde ønska seg ekstraomgangar.

    – Det var sjølvsagt ein tøff kamp, men det er artig å sjå at vi heng med mot eit eliteserielag. Vi plaga dei mykje, men ikkje nok dessverre. Det skal vere forskjell på laga, men vi heng med bra i store delar av kampen. Det er litt irriterande at vi ikkje fekk ekstraomgangar og ein mogleg straffekonkurranse, men det er kanskje for mykje å be om.

    Kbk fans cupkamp Kristiansund mot Træff
    Foto: Roar Jonny Strøm / NRK
  • Molde FK vann over Strindheim

    Molde Fotballklubb tok turen til nabofylket og møtte 2. divisjonslaget Strindheim i onsdagens cupkamp.

    Der slapp dei unna med skrekken og tok seg vidare til den neste runden av cupen.

    MFK-spelar Aaron Samuel scora kveldens første mål 38 minutt ut i første omgang. Molde tok kommandoen frå start og kunne ha leia med fleire mål då dei to laga gjekk til pause, men vertane forsvarte seg bra i eigen boks. Til pause var stillinga difor 1–0 til moldensarane.

    Strindheim kom raskt ut av startblokkene i andre omgang og fekk utlikna etter berre to spelte minutt. Anders Nytoft utnytta ein feil frå Valdemar Lund i Moldes forsvar.

    Etter utlikninga tok MFK igjen kontroll over kampen og etter 53 minutt scora Aaron Samuel sitt andre mål.

    Etter dette blei det ingen fleire mål og Molde vann 2–1.

    Molde-trenar Erling Moe var fornøgd med sigeren og meinte at den var fortent, sjølv om dei møtte motstand på bortebane.

    – Eg synest det er ein kamp der vi har god kontroll, og det har vi ikkje alltid hatt i kampar i andre runde. Og så er det klart at vi gjer det litt vanskelegare for oss sjølv når vi startar andre omgang på den måten vi gjer. Men så tek vi oss inn igjen relativt kjapt. Kampen lever jo når det bli sånn, det gjer det ofte mot gode 2.-divisjonslaget, seier Moe.

  • Hødd slo ut AaFK i cupen

    Det måtte ekstraomgangar til for å avgjere cupkampen mellom 1. divisjonslaget AaFK og 2. divisjonslaget Hødd onsdag kveld.

    Det var ein jamn og tett match, der begge laga hadde kvar sine periodar. AaFK var klart best før pause, og skapte nok til å gå i føringa. Etter pausen var det lenge tamt, før Hødd tok over meir av initiativet den siste halvdelen, men utan at det vart mål ut av det. Etter 90 spelte minutt stod det 0–0 i kampen på Høddvoll. Dermed måtte ein i gang med ekstraomgangar.

    Etter 98 spelte minutt kom kampens første mål. Då sette Hødd-spelar Andreas Hofseth Televik (bildet) ballen i mål og blei samtidig kveldens store helt. Hødd slo dermed ut AaFK i cupen.

    – Dette er heilt fantastisk. Eg har hatt ei stund på sidelinja så det var godt med ei god oppleving i dag og å få score målet som gjer at vi vinn, sa Televik etter kampen.

    – Eg skjelv faktisk litt. Det var ein utruleg god følelse. Dette er det største eg har opplevd hittil i karrieren mi, la han til.

    I den neste runden av cupen møter Hødd eliteserielaget Molde FK.

    AaFK-trenar Christian Johnsen var skuffa over resultatet.

    – Vi blir litt slitne og så jamnar det seg ut. Hødd får ei scoring og etter det så synest eg at vi svarer bra, men vi greier ikkje å produsere den siste scoringa i denne kampen.

    – Er det Hødd som er for gode eller er det de som er for dårlege?

    – Det er nok ein sum av begge deler, seier Johnsen.

    Andreas Hofset Televik
    Foto: Olaug Bjørneset / NRK