Ann-Helen Davik starta keramikkverkstad på kaia i Brattvåg på Sunnmøre. Då var det bokstavleg talt kort veg til å selje fisk i dei same lokala.
– Far min selde fisk frå kaia i si tid, så det fall meg naturleg, fortel Davik.
Snart blei «Skuret porselen og design» flytta til butikksenteret i bygda. Der sel ho fisk og keramikk tre dagar i veka.
Størstedelen av året er fisken berande produkt i butikken.
– Folk må alltid ha mat. Men når dei er innom for å kjøpe fisk, ender dei ofte med å kjøpe keramikk eller andre gåveartiklar i tillegg, forklarar Davik.
Butikk med garn og gourmet-krydder
I nabobygda Tennfjord driv Cathrin Nesje Holmeset butikken «Lille Nøste – garn og gourmet». Der er det eit jamt sig av folk som vil handle garn, strikkepinnar og skinnfellar – eller krydder til lammekjøtet.
– Det er sau frå inst til ytst?
– Å strikke og lage god mat heng jamt saman, ler Holmeset.
Strikkedilla forma draumen om å starte garnbutikk, men ho såg fort at garn åleine blei for lite å leve av langt frå bysentrum. Lidenskapen for matlaging førte til at sortimentet blei supplert med spennande krydder og økologiske oljer.
– Det hadde ikkje vore berekraftig om eg berre skulle ha det eine eller det andre. Eg har i tillegg nettbutikk, pluss at eg arrangerer strikkekafê og kundekveldar, fortel Holmeset.
– Naudsynt med kreativitet i distrikta
Forskingsleiar Karen Marie Antonsen ved Nordlandsforskning trur butikkar med uvanlege kombinasjonar er eit naudsynt konsept i distrikta. Ho bur sjølv i Svolvær, der ein butikk sel strikkegarn, sko og regnklede.
– På ein liten plass har ein ikkje marknadsgrunnlag for å drive ein nisjebutikk med smale produkt. Men om ein kan spe på med varer frå ein anna nisje, treff ein ei større kundegruppe. Då kan ein få det til å gå rundt.
Ho trekker parallellar til den gamle landhandelen, der ein kunne kjøpe alt frå brød til fiskegarn og spikar.
– Viktig å lokke folk til seg
– Vi jobbar generelt for å stimulere til at butikkane vert brukt som møtepunkt, seier Atle Stalheim, konsulent for Merkur-programmet, som gir støtte til daglegvarebutikkar i distrikta.
Han nemner butikkar som kombinerer daglegvarehandel med til dømes post, apotek eller kafêdrift.
– I Velledalen på Sunnmøre er det ein daglegvarebutikk som arrangerer bingo, rebusløp og pensjonisttreff, fortel Stalheim.
«Nærbutikken Kvingo» i Hordaland har bubilparkering, pub og held konsertar. I bygda Nelaug i Åmli kommune i Agder blei daglevarebutikken nedlagd, men den blir no gjenopna som «Møteplassen» med pub, butikk, kafê og ymse arrangement.
Stalheim trur kreativiteten bergar butikkdrifta i små nedslagsfelt.
– På same vis vil ein nisjebutikk lokke til seg fleire kundar om dei har varer innan ulike nisjar. Det kan berge driftsgrunnlaget, meiner Stalheim.
Keramikk og fisk i handlekorga
Lokalprodusert kveite, klippfisk og fiskekaker er populære varer hos Ann-Helen Davik i Brattvåg.
– Eg bruker mykje tid på å hente og pakke lokal fisk. Timar til overs nyttar eg på verkstaden, fortel Davik.
Å kombinere handverk med klargjering av fisk for sal, er ei krevjande øving. Men Davik meiner det naudsynt.
– Kunne du ha drive butikken med mat eller gåveartiklar åleine?
– Nei, det trur eg ikkje. Ikkje på ein så liten plass som dette.