Hopp til innhold

Ni månaders ventetid er over

Med lydlaus fiskesnelle står Ragnar Kaland ved breidda av Korsbrekkeelva i Hellesylt. Håpet er at laksen skal bite på.

Ragnar Kaland

Ragnar Kaland smiler breitt, for han drog i land den største av desse to laksane.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– At snella er lydlaus betyr ikkje så mykje, fortel Kaland. Men når du går langs elva må du vere forsiktig med å lage lyd. Laksen er veldig sky, så du må og tenke på at laksen ikkje skal sjå at du står der.

Han har fiska laks før, Ragnar Kaland, og kan nokre knep. Men sjølv om han har vore gjennom dette før, så er det høgtid no når laksefisket har vart nokre få timar.

Fangsten

Fangsten til Ragnar Kaland og Jan Melseth.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Dette er julaftan! Eg fekk min første laks som sjuåring, og sidan har eg vore hekta. Like spent og like optimistisk kvart år!

Kaland meiner dette er ein hobby og sport som gir spaning og avslapping på same tid.

– Du får fram urinstinktet, og du får kopla av frå mas og jag.

– Noregs beste lakseelv

Korsbrekkeelva renn ut i osen ved Hellesylt i Stranda. Og her er det gjort ein jobb i mange år med kultivering og tilrettelegging for fiskarane.

– Dette er den beste lakseelva i landet, påstår Kaland, og legg til grunn talet på fanga kilo fisk fordelt på lakseførande strekning.

Han vedgår rett nok at tal og statistikk kan brukast som ein vil, og at det er vanskeleg å konkurrere med elvar som er lakseførande i 15–20 mil.

Men i Karlsbrekkeelva blir det fiska på berre vel to kilometer. Og der har Kaland hatt ein god start på årets sesong. I morgontimane drog han i land ein laks på rundt fem kilo.

– Så fekk kompisen min, han Jan Melseth, ein som naturlegvis var litt mindre.

Like blid

Kaland og Melseth

Småerting høyrer med når dei to kameratane frå Sykkylven er på laksefiske.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Men kameraten er like blid, sjølv om laksen han landa er på om lag tre kilo.

– Det brukar å vere slik kvart år, men det gjer ikkje noko. No har vi venta på dette kicket i ni månader! Det må berre opplevast, seier Melseth.

Dei to brukar gjerne å runde av for dagen når dei har fått fisk, for målet er ikkje å få nummer tre og fire.

– Vi er veldig fornøgde når vi har fått den første, for då har vi kjent og følt det i år også.

Melseth rosar havbruksnæringa og dei grep dei har gjort, og fortel at det er veldig lite lus på den laksen han har sett. Han har tru på at luseproblematikken er løyst om nokre år, og då blir det rike og gode bestandar i elvane.

Har gjesta Hellesylt i 35 år

Frank Rune Bekkom

– Laksen, elva, naturen og folka – det er nok av grunnar til å kome tilbake år etter år, seier Frank Rune Bekkom.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

I Korsbrekkeelva kan ein og finne Stadheimfossen, der det er laksetrapp og fiskehytte langs elva. Der kan ein også finne Frank Rune Bekkom, som har tenkt å fiske her i over 20 dagar i sommar.

– Det er godt å vere her igjen. Eg har vore her 35 år, og byrja som 16-åring, og har hatt mange lukkelege stunder med både små laks og større laks.

Ikkje rart han kjem igjen år etter år. For etter først ha vore med på opninga på Nordfjordeid, var han tilbake i Korsbrekkelva og var med å ta ein laks på over sju kilo saman med Ole Ringdal.

– Elva er fantastisk i dag, og det er perfekt fiskevêr. I tillegg til at det er ei god elv, så er det eit område med flott natur og hyggelege folk.

Kan det bli rekord?

Dette er ord som leiar i elveeigarlaget Glenn Wærnersen gjerne høyrer.

elveeigarlaget

Leiaren i elveeigarlaget, Glenn Wærnerson, håpar på eit nytt rekordår.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Det verkar som det har vore ei knallopning, så då er det berre å vere fornøgd, smiler Wærnersen.

Men han har litt å forsvare, for i fjor var det nærast eit rekordår. Då var det ein totalfangst på nærare 1,8 tonn i den vesle elva.

– Om vi slår rekorden har litt samanheng med temperaturen i vatnet, og kor mykje vatn det er i elva, fortel leiaren i elveeigarlaget.

Det vervet inneber ein del papirarbeid og tilrettelegging for dei som kjem, så det er ikkje sikkert han sjølv får fiske så mykje som han kunne ønskt.

– Men eg skal prøve meg litt, så det er berre å håpe på eit godt lakseår.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL