Hopp til innhold

NHO: – Forslaget bør bli ståande

NHO Møre og Romsdal rosar fylkesmannen for å ha tilrådd færre kommunar i fylket.

Torill Ytreberg

NHO og regiondirektør Torill Ytreberg meiner fylkesmannen er framsynt.

Foto: Trond Vestre / NRK

I første omgang ein reduksjon frå 36 til 16, og seinare til sju.

– NHO har hatt ganske store ambisjonar om ny kommunestruktur, og vi synest forslaget frå fylkesmannen er positivt, seier regiondirektør Torill Ytreberg.

Ho og NHO meiner 36 kommunar er for mange, og dessutan at for mange av dei er for små.

– For næringslivet er dette vegen å gå dersom vi skal lykkast med å etablere større og meir effektive bu- og arbeidsmarknadsregionar. Slik det er no gir det unødig byråkrati, mellom anne med ulike reglar frå kommune til kommune, meiner Ytreberg.

Må tenke likt

Mann og papirer

NHO meiner næringslivet slit med ulikt byråkrati frå kommune til kommune.

Foto: www.colourbox.com

Ho peiker på at det særleg rammar bedrifter som har tilhald i fleire kommunar, og nemner spesielt ulike avgiftssatsar, skilnader i areal- og planregime, og tekniske etatar som jobbar og vurderer ulikt.

– Dette er tidkrevande og gjer det vanskeleg å planlegge, seier regiondirektøren.

Til skeptikarane seier ho at kommunereforma handlar om å skape meir slagkraftige kommunar, og ikkje å legge ned lokalsamfunn. Ytreberg meiner tvert i mot at forslaget frå Lodve Solholm heller inneber at det blir lettare å sikre bruk av lokal arbeidskraft.

– Eit vilkår for å få gode bu- og arbeidsmarknader, med meir flyt av folk, er gode løysingar innan samferdsel. For å få betre og enklare arbeidsreiser må kommunane tenke saman og tenke likt.