Hopp til innhold

Nett-TV 13.30: Her kjem satsinga på Stad skipstunnel

I årevis har folket både nord og sør om Stad kjempa for Stad skipstunnel. No kan satsinga vere eit faktum. Følg pressekonferansen her.

Stad skipstunnel

Det er representantar frå regjeringspartia Høgre og Frp og frå samarbeidspartia Venstre og KrF som har kalla inn til pressekonferanse i Selje klokka 13.30 i dag

Utviklingsnavigatør i Vanylven, Svein Gjelseth, er overtydd om at det er satsinga på Stad skipstunnel som blir presentert på pressekonferansen.

Fleire mediehus har dei siste dagane meldt at det er sett av pengar til Stad skipstunnel i perioden 2018 til 2029.

Tunnelen er kostnadsrekna til kring 2,5 milliardar kroner. I dag er det venta at politikarane vil seie kor mykje midlar og kva tidsaspekt dei ser føre seg til bygginga av den 1.700 meter lange tunnelen.

Stad skipstunnel
Foto: Illustrasjon: Kystverket/Appex

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL