Hopp til innhold

Blei nekta keisarsnitt fleire gonger. Barnet døde før fødselen

Ho visste ho hadde vanskar med å gjennomføre fødselen på vanleg måte, og ba om keisarsnitt fleire gonger. Svaret ho fekk var nei. Barnet døde før fødselen, 16 dagar etter termin.

Video NEKTA KEISARSNITT

Hezar Zaki Sadik blei nekta keisarsnitt. 16 dagar etter terminen døde barnet før fødselen.

No granskar Helsetilsynet kva som skjedde då barnet døde før fødselen ved sjukehuset i Kristiansund.

Gravstøtta til Dani

Dani døde i mors liv 4. november 2011. No granskar Helsetilsynet dødsfallet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Vesle Dani døde i mors liv 4. november 2011. Mor Hezar Zaki Sadik hadde hatt eit uproblematisk svangerskap. Både Hezar og barnet var friske. Men fleire i familien til Hezar har vanskar med å føde barn naturleg. Ekteparet bad dermed om at guten skulle fødast med keiarsnitt.

– Dei sa berre at det ikkje skulle vere keisarsnitt. Uansett. Vi skulle vente på at ho skulle føde normalt, fortel ektemannen Rezar Zadi Sadik.

– Høyrde ikkje på oss

Ei veke etter terminen blir Hezar sjuk. Ho får smerter og blødningar. Ho snakkar dårleg norsk, så ektemannen kontaktar sjukehuset på nytt og bed igjen om at fødselen må gjennomførast med keisarsnitt.

Dei høyrde ikkje på oss denne gongen heller. Vi blei sende heim att. Tre dagar seinare køyrde eg henne til sjukehuset. Dei undersøkte henne og sa at alt var bra. Dei sa at alt var normalt, fortel Sadik.

På dette tidspunktet var ektemannen Rezar Zadi Sadik redd for å misse både kona si og barnet. Han kontakta sjukehuset i Kristiansund igjen, men fekk nei. Først 16 dagar etter terminen blei ho lagt inn på sjukehuset. Men heller ikkje då fekk ho keisarsnitt.

Video NEKTA KEISERSNITT - TILSVAR

Sjukehuset i Kristiansund har sjølve meldt saka inn til Fylkeslegen og Helsetilsynet.

– Ingen lyd frå barnet

I staden forsøkte dei ved sjukehuset å setje i gang fødselen med tablettar. I byrjinga hadde barnet det bra. Men etter fem timar endra situasjonen seg.

Dei lytta fleire stader på magen. Men dei høyrde ingen lyd frå barnet. Til slutt kunne dei høyre ein svak lyd. Då sa eg til jordmora at barnet var i ferd med å døy. Men ho sa til meg at det ikkje var noko problem, seier Sadik til NRK.

Etter det NRK får opplyst gjekk jordmora så til vaktskifte. Ein time seinare kom kveldsvakta inn på fødestova.

Ho tok ny test. Då var barnet dødt. Ho høyrde ingen ting, fortel Sadik.

– Ser alvorlig på saka

Ekteparet har forklart seg, og Helsetilsynet set no i gang gransking av det som skjedde. Ved sjukehuset i Kristiansund ser leiinga no svært alvorleg på dødfødselen. Dei har sjølve meldt saka inn til fylkeslegen og Helsetilsynet.

Det er kjempetrist når nokon misser eit barn, seier avdelingsleiar ved fødeavdelingane i Molde og Kristiansund, Grete Teigland.

– Blir ikkje høyrde

Pasientombodet blir kontakta av ei rekkje pasientar, som føler at dei snakkar til dauve øyrer når dei klagar.

Runar Finvåg

Pasientombod Runar Finvåg seier at det er mange som føler dei ikkje blir høyrde.

Foto: NRK

– Folk klagar over dårleg informasjon og at kommunikasjonen med helsepersonellet ikkje har vore god nok. Dette gjev dei ei oppleving av at dei ikkje blir tekne på alvor, seier pasientombod Runar Finvåg.

Pasientombodet bed no helsepersonell over heile landet om å lytte meir til pasientane. Han seier at det ofte særleg er kvinner som føler at dei ikkje blir høyrde.

Dette er opplevingar som vi har prøvd å vidareformidle til helsetenesta i årevis, utan at vi ser at utviklinga går så fort som vi ønskjer, seier Finvåg.

Den erfarne jordmora som no leier fødeavdelingane i Molde og Kristiansund seier det ofte kan vere vanskleg å vere like god på kommunikasjon som på medisin.

– No er saka under behandling. Vi lærer og prøver å trekkje lærdom ut frå alle sakene vi kjem bort i. Det gjeld sjølvsagt også denne saka, seier Grete Teigland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL