Både Smøla-ordførar Iver Nordseth og Averøy-ordførar Kjell Magne Sandø trur det blir vanskeleg å samle heile Nordmøre til ein kommune.
– Utruleg dårleg idé
Ordførarane i Surnadal, Rindal, Sunndal og Tingvoll stiller seg heilt avvisande til forslaget. Rindal-ordførar Ola T. Heggem har lite sans for forslaget.
Ola T. Heggem
– Eg synest det er ein utruleg dårleg idé. Eg synest det manglar rett og slett gangsyn og forståing for kva lokalpolitikk er viss ein i det heile tatt kan tenkje seg å foreslå noko slikt, seier Heggem.
Motviljen mot å samle Nordmøre til ein storkommune vert berre større til lenger unna Kristiansund ein kjem. I Surnadal og Sunndal er svaret eit rungande nei, og ordføraren i Tingvoll, Kristin Sørheim, har lite til overs for forslaget. Ho seier kommunestyret nyleg har behandla temaet, og seier dei ser svært små fordelar med noko særleg endring av kommunestrukturen i dag.
Heller store regionar
I denne delen av Nordmøre, der Senterparti-ordførarane rår grunnen, er det først og fremst eit mål å få store regionar som tek den politiske makta frå Staten utan at storleiken på kommunane blir endra.
Iver Nordseth
– Går dette i vasken og regionane blir ståande utan makt, blir det ei anna sak, seier Smøla-ordførar Iver Nordseth (V).
Geografi
Nordseth trur det blir vanskeleg å samle heile Nordmøre til ein kommune. Det er ei oppfatning svært mange av ordførarane på Nordmøre deler. Ein av dei er Averøy-ordførar Kjell Magne Sandø (Ap). Han synest det verkar i største laget med berre ein kommune på Nordmøre slik geografien er der.