Statsminister Erna Solberg var éin av dei over 5000 menneske deltok i nattevandringa frå byparken i Ålesund til toppen av fjellet Akslalaurdag. Slik markerte dei behovet for dei 17 berekraftsmåla som FN har peika ut.
Her vandrar 5000 menneske gjennom natta i Ålesund for å støtte FN sine 17 krav om ei berekraftig utvikling i verda. Gjennom store deler av dagen er FN sine mål blitt markerte i kystbyen Ålesund. Hovudfokus denne gongen er livet i havet.
Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK– Forferdeleg å sjå
Havet i og ved Ålesund er proppfullt av plast. Undersøkingar som Havforskingsinstituttet har gjort gjennom prosjektet MAREANO viser at havområda utanfor Ålesund er blant dei mest plastforureina områda langs norskekysten.
– Det er forferdeleg å sjå at vi brukar havet som søpleplass. Noko stammar frå oss og ein heil del kjem med havstraumane andre stader ifrå, sa statsministeren til NRK då ho studerte søppelet som var kome i land.
Statsminister Erna Solberg deltok på Norad si nattevandring til byfjellet Aksla laurdag kveld. Målet med vandringa var å markere FN sine 17 krav til berekraftig utvikling på kloden.
Foto: Håvard Jangaard Strand / NRKHo vil no arbeide politisk for å bremse søppelforureininga både internasjonalt og i Noreg.
– Vi må løfte forståinga for kor alvorleg plastforureininga er internasjonalt. Og vi må gjere ein jobb her heime for blant anna å stimulere til rydding, både flant fiskarar og frivillige, la statsministeren til.
Aksjonsdagen i Ålesund blei avslutta med konsert med Jarle Bernhoft på byfjellet Aksla i Ålesund. 5000 var på plass under konserten.
Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK– Treng felles mål
Med på vandringa var Gabriella Kossmann og Erlend Gram Simonsen. Dei meiner at det er viktig å få opp engasjementet for å betre tilhøva på kloden.
– Vi må få til eit felles samarbeid for ei berekraftig utvikling. Eigentleg har ikkje verda hatt noko felles mål. No treng vi eit felles språk og satse på handling framfor ord. Slik kan vi få eit felles rammeverk og globalt medvit for samarbeid, seier dei og travar vidare opp trappene.
Erlend Gram Simonsen og Gabriella Kossmann var blant dei mange som tok turen opp trappene til byfjellet Aksla i Ålesund.
Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK– Ulikskapane skal reduserast
Det er Norad som arrangerer markeringa av berekraftsmåla til FN. Måla blei vedtekne i 2015 og handlar om å utrydde fattigdom og stoppe forureininga.
– Dette handlar om dei store, felles berekraftsmåla som nasjonane i verda er samde om at vi skal nå før 2030. Vi skal eliminere global fattigdom, vi skal redusere ulikskapane og ta betre vare på miljøet inklusive havet, seier Norad-direktør Jon Lomøy til NRK.
Jon Lomøy er direktør i Norad.
Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK– Eit reinare hav
I Ålesund er det sett opp store, fargerike kubar. Det er 17 i talet, ein kube for kvart at dei sytten måla aksjonen har sett seg.
– Vi vil gjerne at folk skal vite meir om desse måla. Ved kvar kube lærer dei som deltek i vandringa noko om berekraftsmåla.
I år er søkjelyset i hovudsak retta mot mål nummer 14 som handlar om livet under vatn.
– Det finst vel knapt nokon betre stad å gjere dette på enn i kystbyen Ålesund, seier Lomøy.
Mens du har lest denne artikkelen har det havnet0,0 tonnplast i havet
Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.
Ta quizen og redd hvalen