Hopp til innhold

Namna til KORK-deltakarane er klare

Tre unge lokale talent skal i elden når kringkastingsorkesteret til NRK vitjar Ørsta og Ulstein i mai.

«Da KORK kom til bygda»

'Da KORK kom til bygda' er ei musikalsk storsatsing frå NRK.

Foto: NRK

Christoffer Masters

Skal opptre på scena saman med KORK: Christoffer Masters (22 år) frå Flø.

Foto: Pressefoto
Eirik Stave

Skal opptre på scena saman med KORK: Eirik Stave (8 år) frå Ørsta.

Foto: Privat
Bror Magnus

Skal opptre på scena saman med KORK: Bror Magnus Tødenes (21) frå Eiksund

Foto: Pressefoto

«Da KORK kom til bygda» dreier seg om korleis tre musikalske talent, og bygdene dei kjem ifrå, førebur seg til å spele saman med KORK.

Frå og med søndag 18.mai, og fram til konserten i Hareidhallen laurdag 24.mai, vil NRK filme dugnaden, entusiasmen og folkemylderet.

– Dette gir oss ein unik sjanse til å vise fram alle dei gode verdiane som kjenneteiknar regionen vår med alt frå fjord, fjell og Ivar Aasen - til industri og landbruk, seier lokalkoordinator i Ørsta, Rebecca Riise Bjerknes i ei pressemelding.

Unge talent

NRK vitja Søre Sunnmøre i fjor sommar, med audition på Sjøborg kulturhus. Då fekk dei gleda av å møte mange musikalske talent frå distriktet. Tre av desse var Christoffer Masters (22) frå Flø, Bror Magnus Tødenes (21) frå Eiksund og Eirik Stave (8) frå Ørsta. Fellesnemnaren for desse tre er unge talent med unik musikkglede og fantastisk formidlingsevne.

– Ørsta og Ulstein har fleire musikalske talent i toppklasse. Dette er knallstas for artistane, og minst like superstas for stolte folk frå desse to vakre bygdene, seier Thormodsæter.

Frir til dugnadsanda

Saman med Ulstein-koordinator Jan Thormodsæter jobbar ho tett saman med kulturkontora i Ulstein og Ørsta som er lokale arrangørar. Tormodsæther håper dei vil få oppleve ei god dugnadsand i samband med storkonserten.

– Det er behov for dugnadsarbeid både gjennom førebuinga, og i gjennomføringa av den store konserten. Vi trenger folk til fleire grupper: kostyme, dekor, scenerigg, PR og matlaging, seier Thormodsæter og legg til at folk frå nabokommunane også er velkomne til å bidra.

Programserien skal på lufta i beste sendetid på laurdagskveldane på NRK1 til hausten. Programleiar er Ingrid Gjessing Linhave, kjend frå mellom anna "Nytt på Nytt".

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL