NRK Meny
Normal

Nye store utfordringar for operatalent

Bror Magnus Tødenes (21) frå Eiksund i Ulstein hadde eit formidabelt 2014. No står nye, store utfordringar for tur og i jula har han samla krefter i heimbygda.

Bror Magnus Tødenes med nye utfordringar

Nye utfordringar for tenoren frå Eiksund. Foto/redigering: ARNE FLATIN.

Det tok heilt av for operatalentet i siste halvdel av 2014. Det starta med at han var på audition i september ifjor for eit program for unge artistar i Salzburg i Austerrike som heiter Young singers project. Det var åtte songarar frå heile verda som kom gjennom nålauget og Tødenes skal bruke to månader der i sommar (juli og august).

Bror Magnus Tødenes

Bror Magnus Tødenes.

Foto: Arne Flatin / NRK

Alle dei største artistane innan klassisk musikk i verda vert samla i Salzburg til sommaren. Bror Magnus Tødenes er overvelda over at han får vere med i dette selskapet og ha konsertar der. Det er til stor inspirasjon for den unge tenoren.

Etter at han var på audition i fjor haust gjekk det slag i slag med hovudrolle i NRK-programmet Då KORK kom til bygda, CD-utgjeving, Spellemannominasjon i klassisk og song under Nobel-tildelinga i Oslo i desember. For å nemne høgdepunkta.

http://www.nrk.no/video/PS*109943

Russisk opera

Etter ein hektisk periode der han kom heim til jul omtrent dagen før julaftan etter konsert i Roma har han fått roa ned heime i Selvåg med vakker utsikt frå stovevindauget, og ikkje minst fått terpa på russisk opera som han i februar skal framføre saman med nordnorsk opera og symfoniorkester. Her skal han delta i operaen Eugen Onegin og ha rolla som Lenskij.

Men før dette skal han ein ny tur til Roma for å halde konsert. Utfordringane står med andre ord i kø for operatalentet frå Ulstein.

Operasanger Bror Magnus Tødenes

Bror Magnus Tødenes sang under Nobel-tildelinga i desember i Oslo.

Foto: NRK