Hopp til innhold

Bjarte og Robert med nytt humordrama: – Enda nesten i skilsmisse

Kva vil skje med KORK når NRK flyttar til Ensjø? Dét er det store dramaet i den nye serien til Robert Stoltenberg og Bjarte Tjøstheim der dei spelar alle karakterane sjølve.

Robert Stoltbenberg og Bjarte Tjøstheim

TETT PÅ: Robert Stoltenberg og Bjarte Tjøstheim har aldri jobba saman så nært og så lenge som i «Coda KORK».

Foto: Ulrik Kramer / Ulrik Kramer/NRK

– Det er ein idé som eg og Robert har hatt i mange år eigentleg. Men så har vi vore travle på kvar vår kant, seier Bjarte Tjøstheim.

– Men så kom Robert på kontoret ein dag og spurte: «Vi skal ikkje gjere den «KORK-ideen nå? Jo shit, veldig gjerne», fortel Tjøstheim vidare.

Bjarte Tjøstheim har dei siste åra – ved sidan av å vere eit av Noregs mest kjente radiofjes i programmet Radioresepsjonen – skapt minnerike karakterar i norske TV-seriar, deriblant «Presten» og «Hellums Kro».

Bjarte Tjøstheim

GØY: Bjarte Tjøstheim har hatt det veldig morosamt med å jobbe med KORK som han skildrar som svært proffe og disiplinerte.

Foto: Ulrik Kramer / Ulrik Kramer/NRK

For Robert Stoltenberg, ein like stor bauta i norsk underhaldningsbransje, skaut karrieren fart med «Borettslaget» der han spelte alle karakterane sjølv.

I dag, berre eitt år etter kontorbesøket, er to av våre fremste komikarar nok ein gong klare for å vise fram sine karakterstyrkar i dramakomedien «Coda KORK».

Dramatikk

Her spelar Tjøstheim og Stoltenberg fire karakterar kvar. Vi blir blant anna kjent med den sjølvgode grammyprisvinnaren Ebbe Lindqvist, den brautande lydmannen Bengt og ikkje minst venneparet Alfred og Bendik som har spelt saman i alle år.

Bli kjent med karakterene til Bjarte Tjøstheim og Robert Stoltenberg i det nye humordramaet Coda KORK.

Bli kjent med karakterane til Bjarte Tjøstheim og Robert Stoltenberg i det nye humordramaet «Coda KORK».

– Sjølv om handlinga er lagt til Kringkastingsorkesteret, føler vi samtidig at det er ein ganske universell serie, seier Stoltenberg.

I serien kjem vi tett på musikarane sin kvardag av alt det måtte innebere av øving, nerding, snobberi, diskusjon om låtval, press og forventningar. Alltid med eit snev av humor og satire.

– Det handlar om mellommenneskelege relasjonar, venskap, kjærleik. Det å kjenne seg at ein ikkje er bra nok. At ein kanskje er passé, fortset han.

Og timingen kunne ikkje ha vore meir perfekt.

Robert Stoltbenberg

MØYSOMMELEG PROSESS: Robert Stoltenberg fortel om at arbeidet med den nye serien har vore lang og møysommeleg.

Foto: Ulrik Kramer / Ulrik Kramer/NRK

Slutten på KORK?

I år fyller nemleg Kringkastingsorkestret 75 år. Symfoniorkesteret med internasjonal standard har frå sin faste base på Marienlyst servert musikkglede gjennom fleire generasjonar.

Men om nokre år skal NRK flytte til Ensjø, og kva vil skje med KORK då? Vil dei få plass i det nye lokalet?

Dét er det handlinga er sentrert rundt.

Også tittelen spelar på dette. Ordet coda betyr nemleg sluttsats.

– Det skjer veldig mykje dramatisk i denne TV-serien. Sjølv om det kan høyrest ut som eit smalt tema, så er det ganske bredt anlagt, legg Stoltenberg til.

Robert Stoltbenberg og Bjarte Tjøstheim

STORE STUDIO: Robert Stoltenberg og Bjarte Tjøstheim utanfor lokala til KORK.

Foto: Ulrik Kramer / Ulrik Kramer/NRK

– Tru mot universet

Dei fortel vidare at sjølv om det er komedie og humor, så er det også mykje sanning i serien.

– Ingen av dei konfliktene som oppstår er sanne, men vi har prøvd å vere ganske tru mot universet.

For å vere tru mot karakterane måtte dei blant anna lære seg å spele instrument. Men akkurat dét bydde ikkje på like søt musikk på heimebane.

– Eg måtte øve så mykje på den fela. Det enda nesten i skilsmisse med sambuaren min. Det var jo heilt forferdeleg å høyre på, seier Stoltenberg og ler.

Sjå dei fyrste episodane av Coda KORK i NRK TV nå.

Kulturstrøm

  • «Motståndaren» blir svensk Oscar-kandidat

    Filmen om en bekymret, iransk bryter er Sveriges Oscar-kandidat.

    – Det er litt uvirkelig, sier regissør av «Motståndaren», Milad Alami til TT om at den svenske Oscar-komiteen valgte hans film foran blant annet Lukas Moodysons «Tilsammans 99».

    Allerede er hans film valgt ut som svensk kandidat til Nordisk råds filmpris, som deles ut i oktober.