NRK Meny
Normal

Flått gjer elgen sjuk

Flåttbårne sjukdommar gjer elgen i Møre og Romsdal sjuk. No blir jegarar bedne om å sørge for at dei svakaste dyra blir skotne.

Elgkalv i Hasselvika, Rissa

I dag startar elgjakta, men mange av dyra er ramma av sjukdom.

Foto: Arnulv Bergstrøm

Nils Bjørn Venås

Landbrukssjef i Molde, Nils Bjørn Venås oppmodar jegarar til å la sterke dyr få leve.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK / NRK

Når elgjakta startar i dag, kan jegarar i Møre og Romsdal vente seg å finne mange dyr som er langt mindre og svakare enn det som er normalt. Dei siste 10-15 åra har gjennomsnittsvekta på ein kalv gått dramatisk ned. Medan ein kalv for 15 år sidan vog 70 kilo, har gjennomsnittsveka vore heilt ned i 42. Det seier landbrukssjefen i Molde, Nils Bjørn Venås.

–Når vi ser så låg vekt, er det klart det er noko dramatisk som skjer, seier Venås til NRK.


Under jakta i fjor blei det skote 283 elg mot 355 felte dyr for to år sidan.

Ramma av sjodogg

Det er særleg sjukdommen sjodogg som har ramma elgen. Dette er ein flåttboren sjukdom som gjer at dyra ikkje får tatt opp næringa i maten på ein god måte. Dermed blir dei svake og små.

-Dette går spesielt ut over kalvar og ungdyr, seier Venås. Sjølv om dei har ete godt, ser vi at dei ikkje får tatt til seg den næringa dei treng for å vekse.

Svake dyr kjem også seint i brunst, og blir dermed eldre enn vanleg før dei får kalv. Venås seier også det ser at det er langt mellom kvar gong elgen i Møre og Romsdal frå meir enn ein kalv.

–I vanlege elgområde vil ei 5-6 år gamal ku stort sett alltid ha tvillingar, det ser vi sjeldan her, seier Venås.

Håpar at naturen ryddar opp

Dei siste to åra har vekta på kalvane gått litt opp igjen. Venås seier han håper det betyr at naturen sjølv er i ferd med å rydde opp, men han oppmodar også jegarar til å bidra.

–Vi må halde oss på eit passeleg uttak, og sørge for å skyt svake dyr, seier han. Det er viktig å få dei svakaste ut og la sterkare dyr få overleve, seier Venås.