Hopp til innhold

Mota til Korea

Samsung kom med avtale han ikkje kunne seie nei til.

Jose Mota

Jose Mota reiser frå Rosenes by til fordel for spel i Sør Korea.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

MFK og Samsung er einige om ein utlånsavtale for Jose Mota. Dette stadfestar klubben på sine heimesider . Mota skal spele for den Samsung-eigde klubben Suwon.

Avtalen er på eitt år.

Det står enno att litt papirarbeid, men klubbane håper alt går i orden i om kort tid.

Vil ha inn eit par gode spelarar

- Koreanarane har kome med eit tilbod til Jose som etter det eg forstår er vanskeleg å takke nei til, seier trenar Kjell Jonevret til klubbens heimesider.

Brasilianaren kom til Molde før 2008-sesongen, og scora åtte mål i fjorårets sesong for sølvvinnarane.

Jonevret skulle gjerne sett at Mota spelte for MFK også i årests sesong, men han har godt håp om at dei greier å erstatte Mota med eit par gode spelarar.

- Vi hadde ikkje gått med på avtalen om vi ikkje trudde at det ville kome styrka ut av dette, seier «Kjelle».

Har selt to spissar

Dette blir andre spissen som går frå Molde etter 2009-sesongen. Frå før har Mame Biram Diouf gått til Manchester United.

Les også: