Hopp til innhold

- Tenkte aldri på United

Mame Biram Diouf trudde ikkje han kom til å ende opp i England.

Mane Biran Diouf
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Diouf møtte i dag pressa for første gong etter han blei Manchester United-spelar. Senegalesaren er på lån i Molde ut denne sesongen.

Les også: Får beholde Mame ut sesongen

Ingen stor United-fan

Første gong agent Jim Solbakken fortalte at Manchester United ville kjøpe, trudde Diouf at det var ein spøk.

- Etter fem minutt forstod eg at det ikkje var ein spøk sidan agenten min hadde reist så langt for å treffe meg, seier Diouf

Mange klubbar har vist interesse for senegalesaren, men det vart United som trekte det lengste strået. Noko fan av dei raude djevlane har han aldri vore.

- Eg har aldri vore nokon stor fan, men dei spelar god fotball og det liker eg.

Trur Diouf beheld forma

Mame Biram Diouf har vore ein svært viktig spelar for Molde i år, og er toppscorar i Eliteserien med 12 mål. Trenar Kjell Jonevret trur ikkje oppstyret rundt overgangen til United vil gjere at Diouf misser målteften.

Mame Biram Diouf og Kjell Jonevret

Mame Biram Diouf og Kjell Jonevret under pressekonferansen torsdag.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

- Mame er glad og pigg, og han kjem sikkert til å presterer minst like godt i haust som det han har gjort til no, seier Jonevret.

Les også: Jonevret: - Dette var moro

Han meiner overgangen vil ha ein positiv påverknad på spelargruppa, og at dei andre spelarane gleder seg med Diouf. Jonevret meiner det hadde vore vanskeleg om senegalesaren hadde forlete Molde no.

- Han er ein «kul kille» å ha i spelergruppa, så eg trur dei andre får eit positivt kick av at han blir med oss ut sesongen, seier han.

- Gode spelarar greier seg

Jonevret meiner Diouf har godt av å få spele resten av sesongen i Mode før han reiser over til Manchester.

- Då får han førebu seg mentalt og kanskje reise bort og sette seg inn i det han har i vente.

Moldetrenaren trur spissen får tid til å utvikle seg i storklubben.

- Gode spelarar greier seg alltids bruker eg å seie, og Mame er ein god forballspelar.