Sunnmøre har lenge vore mellom verstingane her i landet i ventetid for å få plass ved Hørselssentralen. Ved årsskiftet var ventetida oppe i 68 veker – no har den kome ned til 40.
– Ja, vi har hatt lang ventetid i forhold til både Kristiansund og Molde. Årsakene er fleire, mellom anna har vi enkelte funksjonar som dekker pasientar frå heile fylket. Det gjeld til dømes utgreiing og oppfølging av barn frå null til seks år, seier Monika Berget, seksjonsleiar Hørselssentralen ved Ålesund sjukehus.
Nye lokale og kortare køar
Ved Hørselsentralen jobbar fleire fagfolk. Staben består av ein mann og seks unge kvinner.
– Fleire tilsette har hatt svangerskapspermisjonar. Vi har slite med å skaffe fagfolk for desse i permisjonstida. Mangel på kvalifiserte vikarar, har i neste omgang ført til lengre ventetid, seier Berget.
Når Hørselssentralen ved sjukehuset i Ålesund kjem inn i nye lokale på nyåret, vonar dei tilsette at den gode trenden med kortare ventetid skal halde fram.
– Hørselshemmedes Landsforening har som målsetting at ventetida for å kome til hos oss skal vere maksimalt 12 veker. Det er også målet vårt, seier Berget.