Hopp til innhold
Klasserom
Foto: Kristian Sønvisen Bye / NRK

Skule og utdanning Møre og Romsdal

Oppsummert

I denne historiesida kjem det meldingar som handlar om skule og utdanning i Møre og Romsdal.

  • Halvparten av finalistane er frå Møre og Romsdal

    Møre og Romsdal har heile fem av ti finalistar under NM i elektrikar- og telekomfaget for lærlingar og unge fagarbeidarar. Dette blir arrangert i Oslo 6. til 18. april.

    Finalistane til elektrikarfaget er Odin Ervik (Tennfjord) i Bra Elektro AS, Sindre Bruset (Todalen) i Bratseth AS og Tom Einar Storvik, (Kristiansund) i Caverion Norge AS avd. Nordmøre og Romsdal.

    Amund Fredly Bøe (Averøy) i West Elektro AS og Eivind Overå, (Ørsta) i Tussa Installasjon AS er NM-finalistar i telekomfaget. Det melder opplæringskontoret for elektrofag Møre og Romsdal.

  • Åpnet nytt løsdriftsfjøs på Gjermundnes i dag

    Det nye løsdriftsfjøset på Gjermundnes videregående skole i Vestnes ble åpnet i dag.

    I framtida blir det krav om at bøndene skal over fra båsdrift til løsdriftsfjøs. Mange bønder har signalisert at de vil slutte fordi det blir for tungt økonomisk.

    Stortingsrepresentant Geir Inge Lien fra Senterpartiet som klippet snora under åpninga i dag i dag, sier regjeringen vil hjelpe bøndene med overgangen.

    Lien har selv jobbet ved Gjermundnes videregående skole i en årrekke.

    Stortingsrepresentant Geir Inge Lien (Sp) stod for åpninga av den nye løsdriftsfjøsen på Gjermundnes landbruksskole
    Foto: Ann Eli Nøsen / NRK
  • Blir ikke opptak ved NTNU i høst

    Fakultetet for medisin og helsevitenskap ved NTNU er i en krevende økonomisk situasjon. De må ned med omtrent 70 årsverk. Derfor blir det ikke opptak på videreutdanningene i kreftsykepleie og i avansert klinisk sykepleie til høsten. Det melder Sunnmørsposten.

    Fra før av har ledelsen ved NTNU foreslått å legge ned helsesykepleierutdanningen i Ålesund og samle studentene i Trondheim.

  • Vurderer å legge ned utdanning

    Leiinga ved NTNU foreslår å legge ned helsesjukepleiarutdanninga i Ålesund og samle studentane i Trondheim.

    Gunhild Thunem, hovedtillitsvalgt i Norsk Sykepleierforbund campus Ålesund, seier ei nedlegging vil gjere det endå vanskelegare for kommunane å rekruttere helsesjukepleiarar.

    Dekan ved Fakultet for medisin og helsevitskap, Siri Forsmo, stadfestar at ho har innstilt nedlegging av helsesjukepleiarutdanninga, men er klar på at ingenting er avgjort.

    – Eg har stor forståing for motviljen frå dei tilsette i Ålesund. Men det er to helsesjukepleiarutdanningar i Møre og Romsdal, så ein burde tru at ein er godt dekka her.

    Forsmo fortel at NTNU vil spare to årsverk på flyttinga av studiet. Til saman skal universitetet kutte ned rundt 70 årsverk.

    – Om me fortsett som no går me i 100 millionar kroner i minus, seier dekanen.

    Rekordsøking til NTNU
  • Fleire vel yrkesfag

    65 prosent av elevane i Møre og Romsdal har søkt yrkesfag. Det viser søkartala til dei vidaregåande skolane for skoleåret 2024–2025. Søknadsfristen for dei vidaregåande skolane var fredag 1. mars.

    Andelen søkarar til yrkesfag har auka med seks prosentpoeng samanlikna med tala for i fjor.

    Leiar av inntaksseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune, Maria Enstad, seier dette er ei historisk høg søking til yrkesfag, både i prosent, men også i absolutte tal.