Hopp til innhold

– Vi veit aldri om det kjem fleire skjelv

Odd Magnus Venås jobbar i Normisjon i Ecuador. Han og familien kjenner seg trygge etter jordskjelvet, men veit at det kan kome fleire skjelv.

Odd Magnus Venås

Odd Magnus Venås saman med kona Kathy, Mathias og Amelia.

Foto: privat

Jordskjelvet i Ecuador hadde ein styrke på 7,8 og ramma kysten av landet verst. Dødstala stig og over 230 personar har mist livet, ifylgje president Rafael Correa.

Odd Magnus Venås frå Molde bur i byen Guayaquil i Ecuador, saman med kona Kathy og dei to borna. Venås jobbar for den norske organisasjonen Normisjon i eit fattig område, og hadde ei samling i kyrkja med barn og ungdomar då dei kjende at det rista i veggane. Det at kyrkja ligg på eit fjell, gjorde at dei merka lite til skjelvet.

– Vi var nok ganske heldige med at vi var der då det skjedde, seier Venås.

Etterpå fann dei ut at jordskjelvet var kraftigare enn dei hadde trudd.

Jordskjelv i havnebyen Guayaquil i Ecuador

Jordskjelv i hamnebyen Guayaquil i Ecuador.

Foto: ARIEL OCHOA / Afp

Store skadar i hamnebyane

Det er lite øydeleggingar akkurat der han bur, men i hamnebyane lengre nord er skadane store.

– Vi er i kontakt med ulike nettverk for å finne ut om det er moglegheiter for å bidra, seier Venås.

Det er berre to personar att i Normisjon i Ecuador no. Venås har prata med folk som er hardt råka av jordskjelvet og seier at det er tungt, spesielt uvissa om slektningane lever eller ikkje.

Fryktar fleire skjelv

Sjølv føler han og familien seg trygge. Dei bur i 3. etasje i eit hus og området ligg på fjell.

– Vi er litt betre rusta, men vi veit aldri om det kjem fleire skjelv, seier Venås. Han har budd i Ecuador i 10 år.

Molde-mannen har også budd i Peru og har erfaring med kraftige jordskjelv frå før. Han veit at dersom det byrjar å riste er det berre å kome seg ut på gata, så raskt som mogleg.

Misjonsalliansen har også utsendingar i Ecuador. Dei skriv i ei pressemelding at dei har seks utsendingar frå Noreg og nærare 400 lokalt tilsette. Dei jobbar med å gjere greie for alle dei lokalt tilsette.