Hopp til innhold

Moldejente på bloggtoppen

Moldejenta Julia Nylands rosablogg engasjerer mange lesarar, og ligg no på 1. plass på blogg.no.

Julia Nyland

Julia Nyland frå Molde kan glede seg over at hennar blogg er ein av dei mest leste bloggane her i landet.

Foto: Privat

Etter at superbloggaren «Voe» la opp, har Julia Nyland frå Molde kome på bloggtoppen hos blogg.no .

Ho er no den andre mestlesande bloggaren i Noreg. Etter Caroline Berg.

– Eg har lege på topplista i to år. Eg sa den gongen at eg ønskte å nå førsteplassen, men den siste tida har eg ikkje tenkt så mykje på det. Eg har jobba målbevisst med bloggen min, men i dag er eg mindre oppteken av tal, fortel Julia til VG Nett.

Les bloggen til Julia her: http://julianyl.blogg.no/

Tek eit oppgjer

Julia skriv mykje om klede og kvardagslege ting på bloggen sin.

Etter oppslaget på VG Nett i dag, tek ho eit oppgjer med alle dei som skriv negative kommentarar. Ho er rysta over at det er så mange vaksne som les bloggen hennar som ikkje greier å gi konstruktive tilbakemeldingar.

I starten av januar vart det kjent at Emilie «Voe» Nereng la ned bloggen sin, etter å ha regjert på toppen av blogg.no i lang tid. Julia seier ho forstår at «Voe» la ned bloggen sin. Sjølv vel ho å sjå vekk ifrå dei som berre skriv negative ting til henne.

– Eg har hatt bloggen så lenge at eg har vorte vant til å få kritikk. Når eg les i kommentarfeltet, styrer eg alltid unna dei kommentarane som er negative. Dei orkar eg ikkje å lese, seier Julia, som ikkje let seg skremme av truslar frå enkeltpersonar på nett.

Les også:

Tener gode pengar

Ho tener godt på annonseinntekter på bloggen sin.

– Det er ikkje pengane som får meg til å halde fram. Eg vil heller sjå på kva eg har oppnådd som inspirasjon, seier ho til nettavisa.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL