NRK Meny
Normal

Molde vann 3-0 over Kvik Halden

Molde FK vann 3-0 mot Kvik Halden onsdag kveld. Dermed er laget eit steg nærare den tredje cupsigeren på rad.

Molde FK

Molde håpar å kunne gjenta feiringa frå i fjor og året før og bli NM-meister 2015.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Kampen mellom Molde og Kvik Halden endte altså 3-0 på heimebane onsdag kveld. Først scora moldensarane sjølv dei to første, før eit sjølvmål signert Ole Strømsborg auka leiinga for Molde.

Tre lag mot cupen

Heile tre lag frå Møre og Romsdal kjempar i dag om å gå vidare frå den fjerde runden i NM-cupen for menn.

Lag frå Møre og Romsdal har vunne NM i fotball dei fire siste åra. I tillegg vann Aalesund i 2009. Også i år er det gode sjansar for at eitt av desse laga kan gå vidare til kvartfinalen i cupen, og håpet om ei ny cupmeister frå Møre og Romsdal lever vidare.

Vil prioritere cupen

Trass i travle dagar for Molde har hovudtrenar Tor Ole Skullerud tidlegare sagt til NRK.no at han nektar å nedprioritere cupen sjølv om laget også må konsentrere seg om serien og Meisterliga-kvalifisering.

– Vi har lyst til å vere med i toppen av eliteserien. I tillegg har vi lyst til å gå heile vegen i cupen og vi har ein klar ambisjon om å kvalifisere oss til Meisterligaen, seier Skullerud.

Laster innhold, vennligst vent..