Hopp til innhold

Molde spelte uavgjort mot Start

Pape Paté Diouf scora to mål, men det gjorde Start også. Kampen endte 2-2.

Molde-Start

Moldes Pape Pate Diouf sett inn 2-1 leiing til Molde under kampen mot Start på Sør Arena.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Start skapte flest målsjansar og tok leiinga etter 18 minutt med ei scoring frå Geir Ludvig Fevang. Berre eitt minutt seinare utlikna Pape Paté Diouf, og stillinga vart 1-1.

Etter ein halvspelt andre omgang gjekk Molde igjen opp i leiinga, då Pape Paté Diouf sette inn mål nummer to, med ei heading frå kort hald.

Det såg ut til å gå Molde sin veg, ,en når det var 12 minutt igjen av kampen, utlikna Bernt Hulsker og kampen endte 2-2.

Resultatet gjer at Molde går opp på 2. plass i serien, medan Start klatra til 3. plass.