Hopp til innhold

– Det såg ut som om vi møtte til ein treningskamp

Då Davy Claude Angan laga 2-0 og 3-0 i andre omgang, såg Molde ut til å ha full kontroll. To seine reduseringar laga derimot spenning, men til slutt ebba det ut i 3-2-siger for Molde mot HamKam.

Ole Gunnar Solskjær

MOLDE VANN: Molde vann 3-2 mot HamKam på Aker Stadion. Men Solskjær var ikkje nøgd med det han såg.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Molde overbeviste ikkje mot 1. divisjonslaget HamKam i første omgang, men dei leia oppskriftsmessig til pause.

Spelarane trengde å få spele kamp igjen. Det var heilt tydeleg. Det såg nesten ut som om vi møtte opp til ein treningskamp, sa Ole Gunnar Solskjær etter kampen.

Solskjær likte ikkje det han såg. HamKam klarte å score to mål mot laget som ligg på toppen av eliteserietabellen.

– Det var skuffande. Vi var ikkje på tå hev, sa Solskjær til NRK.

Berget scora først

1-0 kom eit kvarter ut i kampen. Joshua Gatt slo til Jo Inge Berget, som plasserte ballen til høgre for HamKam-keeper Ivar Rønningen.

Utover i omgangen hadde begge lag sine sjansar, men det stod 1–0 til Molde etter halvspelt kamp.

– Molde fører, men HamKam har vore farlege på kontringar. Så lenge det er 1–0 lever Molde farleg, seier Daniel Berg Hestad.

Han har pause fram til juli. Før EM-pausen var Berg Hestad småskadd.

Angan putta to

I andre omgang la Davy Claude Angan på til 2-0 for Molde etter 50 minutt. Først blei skotet hans blokkert, før skotet på returen gjekk i mål.

Heimelaget kontrollerte mot HamKam, og i det 82 minutt kom 3-0.

Abdoi Karim Camara slo ein fin stikkar til Davy Claude Angan, som ekspederte ballen i mål.

Seine reduseringar

I det 89 minutt reduserte Tore Andreas Gundersen til 3-1 for HamKam. Det skjedde på eit skot utanfor 16-meteren.

Molde hadde god kontroll i heile andre omgang, men på overtid blei spenninga stor då HamKam reduserte for andre gong.

Niclas Tilley Solhaug laga 3-2 på overtid.

Molde HamKam

Molde hadde besøk av HamKam i tredje runde av cupen onsdag.

Foto: Arne Flatin / NRK

Lagoppstilling Molde:

  • Ole Söderberg
  • Knut Olav Rindarøy
  • Even Hovland
  • Kristoffer Vatshaug
  • Magne Simonsen
  • Joshua Gatt
  • Abdoi Karim Camara
  • Magne Hoseth
  • Mattias Moström
  • Jo Inge Berget
  • Davy Claude Angen

Benken:

  • Espen Bugge Pettersen
  • Vegard Forren
  • Magnus Stemnestrø
  • Magnus Wolff Eikrem
  • Vini Dantas
  • Daniel Chima Chukwu,
  • Zlatko Tripic

Lagoppstilling HamKam:

  • Ivar Rønningen
  • John Anders Rise
  • Edmir Asani
  • Vegar Bjerke
  • Truls Jevne Hagen
  • Ørjan Berg Hansen
  • Emil Dahle
  • Kristoffer Hagen
  • Tore Andreas Gundersen
  • Thomas Lehne Olsen
  • Anders Emil Nedrebø

Benken:

  • Gary Hogan
  • Emil Sildnes
  • Håkon Aalmen
  • Christer Jensen
  • Niklas Tilley Solhaug