Hopp til innhold

Unngår tvangsmulkt for utslepp

Kloakken frå meir enn 10.000 menneske i Molde blir frå i kveld av sendt ut på djupare vatn, 400 meter frå land på Nøisomhed. Dermed unngår Molde Vann og Avløp tvangsmulkt på 10.000 kroner dagen.

Bjarte Koppen i Molde vann og avløp

I MÅL: Leiar Bjarte Koppen og Molde Vann og Avløp har klart å få kloakken lenger ut i Moldefjorden innan fristen frå Fylkesmannen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er auka risiko for forureining her, og vi har jobba det vi har klart for å klare omkoplinga så snart som råd, seier leiaren i Molde Vann og Avløp, Bjarte Koppen.

Ureinsa kloakk

Sidan november har ureinsa kloakk frå store delar av austlege bydelar i Molde rent ureinsa ut i sjøen, berre 40–50 meter frå land ved Nøisomhed, rett aust for friområda på Retiro.

Årsaka er omfattande utbygging av eit nytt kloakkreinseanlegg på Nøisomhed til 52 millionar kroner.

Molde Vann og Avløp kallar utsleppa frå november i fjor til i dag for ein unntaksperiode. I denne perioden har det vore auka risiko for forureining i strandsona.

Leiar Bjarte Koppen seier dei har vore opptekne av at dette skal skje utanfor badesesongen, sidan anlegget på Noisomhed ligg nær badestranda og friområdet på Retiro.

– Vi forsikrar at badevatnet ved Retiro blir overvaka ekstra grundig i år, seier han.

Fylkesmannen reagerte

For knappe to veker sidan reagerte Fylkesmannen på at utsleppa skjedde utan at folk var varsla.

Molde vann og avløp fekk pålegg om å stoppe utsleppet nær land, innan fristen i dag. Bjarte Koppen seier dei no i kveld sender kloakken lenger ut frå land.

– Vi koplar om frå eit mellombels utslepp ganske nær strandsona, til det permanente utsleppet på 400 meter ut i fjorden, på 50 meters djupn.

Linda Aaram fylkesmannen

NØGD: Linda Aaram hos Fylkesmannen er glad for at Molde kommune no sender kloakken lenger til havs.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Nøgde

Og hos Fylkesmannen er dei svært nøgde med at kommunen no har rydda opp.

– Det var viktig for oss at perioden med direkteutslepp så nær land ikkje blei for lang. Det ser vi no at dei har jobba hardt for å klare, seier seksjonssjef Linda Aaram.

Bjarte Koppen i Molde Vann og Avløp meiner kommunen har hatt formalitetane på plass heile tida.

– Vi tar reaksjonane til Fylkesmannen til etterretning, og er no glade for at vi har klart både vår sjølvpålagde frist, og fristen dei har sett, seier han.

Det gamle reinseanlegget på Nøisomhed har gjennomsnittleg tatt ut 20 tonn slam per år. Det nye anlegget vil ta ut 1500 tonn.

Tilsvarande ombygging skal skje på Cap Clara vest for Molde sentrum. Den ombygginga skjer i 2013-2014, og då vil Molde kommune vere den første av dei store bykommunane i Møre og Romsdal som tilfredsstiller dei nye avløpsreinsekrava i forskrifta om forureining.